Velkomen til
Gjengevoll Mangesysleri
“Mangfald, livskvalitet og kjærleik til naturen”
Eit ekte mangesysleri
Ordet "mangesysleri" er ikkje så mykje brukt i dag, men var vanleg i gamle dager. Då var dei fleste som budde på landet mangesyslarar. Ein åtte gjerne ein flekk med jord som gav mat, men i tillegg kombinerte ein jordbruket med inntekter frå andre næringar. Det gjaldt å sjå dei moglegheitene som fanst. På Vestlandet var det vanleg å vera fiskarbonde.
Vi på Gjengevoll trur at denne livsstilen hadde noko for seg. Vi let oss inspirera av tidlegare generasjonar, og ynskjer å gå i motsett retning av dagens landbruk som krev stadig større bruk og meir spesialisert produksjon. Hos oss ynskjer vi å gjera mange forskjellige ting i liten skala, tilpassa ressursgrunnlaget. Fordi livet vert mykje kjekkare med variasjon!


Berekraftig lokalmat
Gjengevoll Mangesysleri er ein draum om å skapa eit mangfaldig og livskraftig mangesysleri basert på dei ressursene vi har til rådigheit.
På Gjengevoll trur vi at eit betre og meir berekraftig matsystem byrjer med oss sjølve. Vårt mål er å produsera høgkvalitets lokalmat, lokale varar og opplevingar, i størst mogleg grad basert på eigne ressurser, og i direkte kontakt med kundane.
"Eit betre og meir berekraftig matproduksjonssystem byrjer med oss sjølve"
Høyr podcasten vår
Gjengevoll Pludrecast kjem ut kvar måndag. Her kan du følgja utviklinga på garden frå veke til veke, og samstundes få høyra Mari og Kjetil (og kanskje gjestar?) prata om tema knytt til berekraftig matproduksjon, forretningsutvikling og livet på landet.

Besøk oss!
Vi vil gjerne ha deg på besøk, anten du har lyst til å kikka, overnatta eller jobba litt på garden. Sommarsesongen 2021 planlegg vi å ha kafé kvar sundag.
Les gardsbloggen

Korleis redda ei verd i krise?
Om billeg brokkoli og dyre konsekvensar Vi les og høyrer det kvar einaste dag: Verda må verta meir berekraftig. Vi står oppi ei klimakrise, folk

Våre første månader som bønder
Vi overtok garden i august, og no er det november. Det vil seia at vi har vore bønder i nesten tre månadar. Herrejemini, som tida

No kan du bestilla glad julegris!
No kan du sikra deg det aller første kjøtet som vert seld frå Gjengevoll Mangesysleri. I desember skal vi slakta dei 10 grisane våre, og

Kva kostar eigentleg maten?
Eg vart oppildna til å skriva litt om pris på mat, og om kva maten vi et eigentleg kostar. Ikkje berre om prisen ein betalar

Den sakte tida
Det er seinsommar, og om litt skal mange spente skuleborn byrja på skulen igjen. Sommerfuglar i magen, mykje som er nytt, store forventningar til året

Nettsider på plass
Hurra, då er vi endeleg komen på plass med nettsidene til mangesysleriet! Desse har vi spikka og flikka på dei siste vekene, og kven skulle
Har du lyst på nyhende frå Gjengevoll?
Vi vert kjempeglade om vi får lov til å senda deg nyhende om kva som skjer på garden, korleis prosjekta våre går framover og kva for nokre nye produkt vi kan tilby. Nyheitbrev kjem ikkje ut oftare enn éin gong i månaden.