Våre første månader som bønder

Vi overtok garden i august, og no er det november. Det vil seia at vi har vore bønder i nesten tre månadar. Herrejemini, som tida flyg! 

Eg tenkte det kunne vera ein passande tid å ta ein liten status på kva som har skjedd i denne tida. Det er jo så mykje som hender at det kan vera litt vanskeleg å få oversikt, både for oss og sikkert for de som følgjer med!

Eit halsbrekkande livsprosjekt

For dei som ikkje kjenner oss så godt frå før av, kan det vera greitt med litt bakgrunnsinformasjon. Eg (Mari) og mannen min Kjetil overtok altså garden vi bur på for tre månadar sidan. 

Hadde vi noko tilknytning til garden frå før? Nei.

Hadde vi noko røynsle med gardsdrift? Ikkje noko særleg.

Kjentest det litt ut som vi kasta oss ut i eit heilsprøtt prosjekt utan noko sikkerheitsnett? Absolutt!

Det vi hadde, var ein draum om eit meir meiningsfullt liv med gardsarbeid og praktiske arbeidsdagar, kor vi klarte å skapa eit levebrød av naturen. Vi hadde oppegåande hovuder, en god del ulik røynsle og kunnskaper, ein smule forretningsteft og eit idealistisk ynskje om å driva berekraftig lokalmatproduksjon på lag med naturen.

No var det tid for å gjera alvor av draumen. Så vi pakka sakene våre og flytta frå Bergen by og ut på landet i Samnanger. 

 

Å koma i gong fort

Det store spørsmålet før vi flytta inn, var kor mykje vi ville klare å få gjort før jul og før vinteren kom. 

Som bonde er man nemleg heilt prisgitt årstidene og sesongane, og det er i vekstsesongen mesteparten av produksjonen skjer. Så det å ikkje ha fått utnytta årets sesong i nokon særleg grad, det var sjølvsagt ein utfordring. 

Vi var heilt nye bønder som skulle verta kjent med eit nytt gardsbruk, læra oss korleis vi skulle driva, og testa ut ulike produksjonar og produkt. Samstundes trengte vi noko å få inntekt av – det ville vore for seint å venta heilt til neste sommar når vi samstundes har mykje utgiftar og investeringar som kostar mykje pengar.

Difor var litt av utfordringa å finna noko som kunne gi oss noko inntekt raskt, medan vi byggja opp drifta vår samstundes.

 

Gris, høns og sau

For å få nokre inntekter på denne sida av jul, valte vi difor å kjøpa ti slaktegrisar som vi har fôra opp sidan 1. september. Grisar veks fort, og ein får mykje kjøt per dyr. Difor kan det vera ein lur produksjon å investera i når ein er i oppstarten.

Grisane våre har fått gå ute heile tida. Fyrst budde dei på det gamle sauefjøset med fri tilgong til ein stor luftegard, så vart dei flytta til kjøkenhagen for å rydda den (her planlegg vi oppstart av marknadshage med grønsaksproduksjon til neste år), og no seinast er dei flytta enno ein gong til eit nytt, friskt beite. Snart er dei klare til å verta slakta, og då skal dei verta god julemat for privatkundar som held til i Bergen og nabokommunane. (Vi sel grisane som kvarte grisar, partert og pakka inn, og vi har framleis nokre igjen til sals – sjå her).

 

I tillegg til grisane starta vi opp med ein liten hønseflokk. (Dei flytta faktisk inn før vi gjorde det, så det vart nokre veker med pendling for å stella og mata dei i byrjinga). Vi starta med 21 høns, fire kyllingar og ein hane. Etter kvart fekk vi to hanar til, og enno seinare kom det til ein ny flokk med kyllingar som vart rugd ut på garden. Det vil sei at flokken vår er i vekst, og vonleg vil den verta enno ein god del større i det neste året.

Det vil også sei at vi rimeleg fort hadde et produkt å selja, nemleg egg! Det har aldri vore den store produksjonen, og vi vert ikkje akkurat rike av det, men det kjentest bra å vera i gong med noko og kunna levera kartongar til kundar med Gjengevoll-logoen på.

 

Det var kanskje først i midten av september, då saueflokken vår kom til gards, at vi verkeleg byrja å kjenne at vi hadde ein “ekte” gard. Både grisar og høns er flotte dyr som det er kjekt å jobba med, og som til ein viss grad kan nyttiggjera seg fleire fôrressursar, men når det kjem til gardsdrift basert på norske og vestlandske ressursar, er beitedyr absolutt det som gjev mest meining. Våre ti gammalnorske spælsau, som vi fekk frå Langegården i Bergen, kom rett ned frå fjellbeitet og byrja å eta på graset på bøen. (Graset hadde for øvrig vakse seg altfor langt sidan det ikkje hadde vore slått eller beita i sommar).

Å sjå beitedyr i sitt rette miljø, og kjenne lukta av ull på garden, det kjentest riktig. Og veldig, veldig godt.

 

Så, kva har vi eigentleg gjort?

Det er det freistande å svara “ikkje på langt nær så mykje som vi skulle ynskje!”. 

Men på ein anna side vil eg sei vi har gjort uendeleg mykje med tanke på at vi berre har budd her i mindre enn tre månadar.

Vi har flytta inn i eit hus, med alt det inneber av oppakking, tilvenning, justeringar og turar til IKEA.

Vi har vorte kjent med ein heilt ny heimplass, ein ny kommune, nye naboar og (for min del) ein ny jobb.

Vi har lært ein del om kva det vil sei å ha høns, sauar og grisar.

Vi har bygd kompostplass, renska i fjosen, fylt låven med vinterhøy, flytta grisar  til nytt beite to gongar (lettare sagt enn gjort!), gjerda ein del, leita etter sauar på rømmen, reinska opp i ein stor hage og hatt to dugnader. 

Vi har lest mykje fagstoff om alt frå marknadshagedrift, internkontroll og hønsehald til dreneringstiltak, tilskotsordningar og forretningsdrift. Eg har også vore ei veke på ystekurs i Aurland (høyr kva eg lærte der i episode 16 av podcasten vår), og snart skal eg byrja på eit marknadshagekurs som skal gå fram mot sommaren til neste år.

Vi har byrja å selja varer på REKO-ringene (i Eikelandsosen og Samnanger førebels), og har byrja innreia produksjonslokalet vårt slik at vi kan bruka det til å laga stadig fleire varer (det har vorte nokre seine og slitsame kveldar med lefsebaking). 

Vi har stukke “haudet ut”, hoppa ut i det og lansert oss som bedrift for heile verda, vore i lokalavisa og marknadsført dei første produkta våre (du kan tru det er skummelt!).

(Og apropos å stikka haudet ut – nemnte eg at vi både har ein gardspodd med nye episodar kvar måndag OG ein Instagramkonto som vert oppdatert dagleg?)

Vi har og fått våre første mindre gode erfaringar: daude høner, kyllingar som vart teken av rovdyr og plagar med heilt uhorveleg mykje mus (som kjem seg inn OVER ALT og et KVA SOM HELST), i fjosen, i veggane, i taket, i kjøkenskåpet, i kjellaren, i stuen, you name it.

 

Så, altså:

Å skulla oppsummera dei siste månadane på ein dekkande måte er litt vanskeleg.

Det har vore den travlaste tida i våre liv. Det har vore hektisk, stressande og slitsamt. Det har og vore enormt lærerikt. Samstundes har det kjentes litt som at kvar gong vi lærer noko nytt, dukkar det tusen nye ting opp som paddehatter, og at vi aldri kjem til å verta utlært. 

Å starta å driva ein gard er overveldande. 

Læringskurva er bratt, og det er så uendeleg mykje meir ein har lyst til å gjera, enn ein har tid til. 

Vi skulle gjerne allereie ha fått laga ny innreiing til fjosen, satt opp drivhus og gjerda heile eigedomen. Vi hadde planar om at det nye hønsehuset skulle vera ferdig i august, og vi har enno ikkje rukke å byrja. Over alt ser vi ting vi har lyst til å gjera, og det kan vera veldig frustrerande å ikkje rekka over halvparten av det ein ynskjer, og ofte stadig kjempa mot klokka fordi mange ting må skje til ein bestemt tid av året. Rekk vi det ikkje, må vi venta til neste år.

Den viktigaste erfaringen vi har gjort oss så langt, er kanskje denne:

Ting tek lengre tid enn vi skulle ynskje.  

Og den viktigaste lærdomen er:

Det må vi akseptera. 

Ting tek den tida dei tek. 

Vi kan ha alle dei store planane vi berre vil, men døgret får ikkje fleire timer av den grunn. Og om ein gardsdrift skal vera berekraftig, kan vi ikkje basera oss på at vi skal jobba oss i heil. 

Vi må også ha pauser. 

Vi må også rekka å nyta garden vår, livet vårt, stoppa opp og eksistera i alt det fine vi har og skaper.

 

TAKK for at du fylgjer med!

Vi på Gjengevoll er brennande engasjert for berekraftig matproduksjon, ærlegheit og god informasjon.

Ein viktig grunn til at vi skriv her på bloggen, at vi deler i sosiale media og at vi tek oss tida til å laga podcast kvar veke, er at vi ynskjer å dela reisa vår med andre. 

Det inneber å vera open om både oppturane og nedturane.  

Vi vonar at vi på den måten kan engasjera fleire til å bry seg om kvar maten kjem frå, og til å støtte matproduksjonssystemer som tek vare på dyra, naturen og oss menneske. Kanskje vi til og med kan bidra til at andre tek steget og følgjer draumen om å starta ein gard eller ein bedrift.

Tusen takk til alle dykk som fylgjer med oss, som gjev oss tilbakemeldingar, som kjøper varer frå oss, deler podcasten eller som berre generelt bidreg med positivitet og støtte.

De er verdas BESTE heiagjeng!