2021 har gått inn i historiebøkene, og med det er óg vårt fyrste heile år som bønder lagt bak oss. For eit innhaldsrikt år det har vore! Det verkar nesten utruleg at vi ikkje har budd her på garden i tre år allereie, for med alt som har skjedd dette året, kjenst det nesten sånn ut.
Det går sjølvsagt ikkje an å oppsummera eit heilt år på ein god måte i ein artikkel, men her kjem likevel eit forsøk. Og sidan bilete seier meir enn tusen ord, let vi bileta gjera jobben.
P.S. Året 2021 har verkeleg stått i dyrkinga sitt teikn, og mykje tid og arbeid er gått med på marknadshagen vår. Prosessen med sjølve etableringa av hagen kan du lesa om her.