Ein marknadshage i utvikling

Denne våren har det skjedd store ting på Gjengevoll. Vi har nemleg byrja etableringa av marknadshagen vår! 

Her planlegg vi å dyrka eit rikt utval av grønsaker, frukt, bær og blomar som skal kunna gi mykje god mat til lokalfolket vårt gjennom ein lang sesong. Men før vi fortel om alt som er gjort, så lurer du kanskje på kva ein marknadshage eigentleg er? 

Marknadshageprinsippa

Marknadshage er ein driftsform som breier om seg i verda, og er ein form for grønsaksproduksjon som er kjenneteikna av at ein driv mangfaldig med mange ulike sortar grønsaker på eit lite område, litt som ein ekstra stor kjøkenhage. Ofte dyrkar ein ikkje på meir enn mellom nokre hundre kvadratmeter og opp til eit par dekar, noko som gjer denne produksjonsmåten veldig godt eigna til alle dei små og oppsplitta teigene vi har her på Vestlandet. Tanken er å få mest mogleg ut av areala og maksimera produktiviteten i laupet av vekstsesongen. 

Innsatsmidlane er ofte få og enkle. Ein nyttar stort sett handreiskap og eigen muskelkraft, og sjeldnare traktorer og større maskiner. Det inneber at marknadshagedyrking er eit miljøvenleg, relativt fossilfritt og arealeffektivt alternativ til “vanleg” storskala traktorproduksjon. Ein kan dyrka utan mykje plass eller dyre investeringar, men produksjonen er til gjengjeld meir arbeidsintensiv. Kundane kjøper varene direkte frå produsenten, og er viljug til å betala litt ekstra for variasjonen, det at varene er kortreist og miljøvenleg, og at dei ofte har ein betre og ferskare kvalitet enn ein er vand med i butikken.

I tillegg til at marknadshager som regel har eit mykje større mangfald av sortar enn konvensjonell produksjon, er det ofte mykje fokus på jordhelse og resirkulering av næringsstoff i denne produksjonen. Ein nyttar gjerne permanente plantebed og ynskjer å forstyrra jorda så lite som mogleg for å byggja opp eit aktivt og sunt jordliv. I staden for pløying brukar ein ulike reiskap og hjelpemiddel for å lufta og forbetre jorda, og førebyggja erosjon og tap av næringsstoff. Kompost, organisk gjødsel og ulike former for jorddekke skal syta for at plantene får den næringa dei treng.

 

Marknadshagen på Gjengevoll

Planlegginga av den framtidige marknadshagen var noko av det fyrste vi gjekk i gong med etter at vi tok over garden i august 2020. Vi hadde lyst til å etablera ein liten, men riktberande hage kor vi kunne dyrka eit mangfald av grønsaker, frukt og bær, og som vi kunne hausta av både tidleg og seint i sesongen. Det var allereie ein kjøkenhage på garden frå før av, men vi ynskja å utvida han. Slik såg det ut før vi byrja:

 

Vi starta tidleg på hausten med å utvida området til om lag det dobbelte av den gamle hagen og setja opp eit nytt gjerde som kunne halda hjort og andre dyr ute. Vi rydda i gamle plastduker, hagereiskap og anna som låg i hagen, og så lot vi grisane våre få sleppa inn på området. Dei brukte nokre veker i laupet av hausten på å rydda, eta opp planter og røter, gjødsla og jamna ut arealet. 

Grisar på beite i kjøkenhagen

Etter at grisane hadde vore der, var jorda rydda og klar for å verta bearbeida. Men før vi kunne gå vidare med sjølve hagen, var vi nøydd å drenera arealet. All nedbøren om hausten hadde nemleg tydelig vist at tilstanden på dei gamle grøftene våre ikkje var gode. Dei klarte ikkje å ta unna vatnet når det regna mykje, og alle dei flate områda vart omgjort til innsjøer og store gjørmehol som det var uråd å bevega seg over.

Som kjent er det få planter som vil vakse når røtene står nedi vassjuk og tett jord, så det å få ein god infrastruktur for vasshandtering var heilt naudsynt. Og sidan jorda allereie var våt og vi ikkje ynskte å pakka han meir med tunge maskiner, vart det til at heile grøftearbeidet til hagen vart gjort med handmakt. 

Så då byrja vi i april, då telen var gått i jorda, med å grava opp frå enden av marka (der den underjordiske grøfta går over til å verta ein open bekk), og heile vegen opp mot hagen.

Grøfting

Om du skulle vera i tvil: Grøfting for hand er enormt mykje arbeid. Takk og pris for dugnadsviljuge vener og familie som stiller opp og hjelper til! Dette prosjektet ville aldri kunne vorte gjennomført på tida utan dei rundt ti menneska som til ulike tider kom innom og hjalp til å grava. 

Hovudgrøfta vart gravd ved å opna opp den gamle kistegrøfta under bakken og følgja den så langt den gjekk. Vi grov opp torvlaget og steinane som låg under, og til alt hell gjekk den ganske rakt og fint gjennom området kor hagen skulle liggja. Planen for hovudgrøfta har vore å ha ein open kanal som renn gjennom hagen. Ei open grøft gjev fleire fordeler, både at ho har meir kapasitet til å ta unna vatnet ved store nedbørsmengder, og at ho er positiv for naturmangfaldet. Dessutan tykkjer vi det er mykje kjekkare med rennande vatn som vi kan sjå og høyra, så då får det heller vera greit at vi tapar litt dyrkeareal.

 

Då hovudgrøfta var ferdig opna, måtte vi i tillegg grava opp stikkgrøfter på arealet der som drivhuset skulle stå, og leggja ned dreneringsrøyr slik at den flate myrjorda kunne få sjangs til å tørka opp. 

I motsetnad til hovudgrøfta, som skulle vera liggjande open, vart stikkgrøftene lukka igjen sånn at vi kunne dyrka oppå. Vi grov dreneringsrøyra 50-60 centimeter ned i bakken med 2-3 meters mellomrom, la grus oppå og fylte på igjen med jord. Røyra måtte såpass ned for at vi skulle vera sikre på at plantene fekk 30 centimeter med jord til røtene sine. Endene på røyra stakk ut i hovudgrøfta.

Drivhus og oppalshus

Då det viktigste arbeidet med grøftene var gjort, kunne vi endeleg setja i gong å byggja drivhus!

 

Drivhuset vi har kjøpt er eit 5×12 meter stort drivhus frå Norgro. Her skal vi dyrka dei varmekrevjande vekstene, primært tomatar, agurk og paprika.

Vi tenkjer også å bruka det til å utvida dyrkesesongen. Om hausten og vinteren kan vi dyrka asiasalater, spinat og andre ting som held seg godt i kulda, og så kan vi byrja tidleg med reddik og utplanting av kål med ein gong våren byrjar å koma.

Jorda i drivhuset var prega av å vera organisk jord med mykje gamal og uomdanna torv og lite oksygen. Vi byrja med å gafla opp heile arealet på kryss og på tvers med eit breigreip, for å koma ned med luft til dei djupare jordlaga. Så strøydde vi på litt skjellsand for å betra PH-en litt, og eit lite lag med flis, primært for å gi litt meir luft i jorda. Så laga vi opphøgde bed med plankar, og la på eit godt lag med kompostjord på toppen.

Det å få ein skikkeleg god jord her inne, er ein langsiktig oppgåve vi kjem til å jobba med dei neste åra. Då vil vi kvart år tilføra ulike ting som kan gje struktur, luft og ein god næringssamansetning til plantene.

På den store utplantingsdagen flytta vi ut 98 tomatplanter, 54 agurkar, 10 physalis, ni auberginge, 4 tomatillo og ein del potter med forkultivert basilikum. Alle plantene hadde stått inne og venta tålmodig på å få koma ut, nokre av dei heilt frå februar. 

Innimellom dei store plantene gjeld det å unytta plassen så godt som mogleg. Framover skal vi setja ut salater i mellomromma, og så meir basilikum og kanskje noko reddik. 

Vi hadde også forkultivert ein god del paprikaer og chilier, men desse fekk ikkje plass i drivhuset. Heldigvis har vi også byggja eit eige oppalshus  i vår kor desse kan fortsetja å stå.

Oppalshuset, eller plantebarnehagen som vi kaller han, byggja vi av tre, gjennomsiktige takplater og gjenbrukte, gamle vindauge. Han er bygd inntil husveggen og vender rett sør, så her bør det verta lunt og godt tidleg på året.

Urteterrasse og plantebed

Sjølv om vi no har fått både drivhus og oppalshus på plass, kjem mesteparten av dyrkingsarealet i hagen til å vera friland. Her skal vi på sikt dyrka opp og laga fleire ulike felt med permanente dyrkesenger. I dei brattaste partia planlegg vi å planta bærbusker og laga nokre små terrasseringar. 

Så langt har vi arbeida mest med feltet foran huset. Her er terrenget ganske bratt, og for å få mindre helning har vi byggja opp ein terrasse i tre og lagt opp til eit dyrkingsfelt både oppe og nede. 

Nede har det no byrja å verta riktig fint etter at beda kom på plass og vi fekk planta ut alle dei forkultiverte plantene. Vi har fått ut grønnkål, hodekål, squash, gresskar, bladbete, og direktesådd bønner, erter, neper, svartrot og havrerot. I det øvre feltet skal vi planta ut jordbær og ei rekkje ulike urtar som framleis står i pottane sine og venter spent på å koma ut i jorda når beda er klare.

Som du skjøner, er det mykje arbeid som gjenstår før vi kan sei at hagen er ferdig, men vi tykkjer vi har gjort ganske store framskritt i laupet av dei siste to månadane. Vi hadde nok tenkt at vi skulle ha klart i alle fall eitt dyrkingsfelt til for denne sesongen, men samstundes gjorde den seine vinteren at vi ikkje kom i gang før i april. Dessutan var grøftearbeidet meir tidkrevjande enn vi hadde sett for oss på grunn av dei ekstra stikkgrøftene vi måtte grava. Så alt i alt er vi ganske nøgde. Vi gler oss til å få endå meir av infrastrukturen på plass i laupet av sommaren og hausten, og visa fram alle dei små og store framskritta. Og så kjem vi til å vera klar for å setja i gong med dyrkesesongen slik at vi kan levera kortreiste grønsaker så tidleg som mogleg til neste vår. Det vi produserer i år vert selt på REKO-ringene etter kvart som det vert hausteklart. Følg gjerne med på @mangesysleriet på Instagram for å sjå kva som skjer i hagen frå dag til dag 🙂