Ukategorisert

Vil du verta ein del av Gjengevoll?

Vi på Gjengevoll Mangesysleri ynskjer å knytta til oss folk som har lyst til å bidra inn i gardsdrifta på kort eller lang sikt. Vi ser etter deg som har lyst til å arbeida og kanskje bu på garden ei periode, som vil vera ein del av ein fellesskap, læra noko nytt og bidra i å byggja opp eit regenerativt gardsprosjekt.

Ein sosial fellesskap

For oss, Mari og Kjetil, handlar det å starta ein regenerativ gård like mykje om tilhøyrigheit og sosial berekraft som det handlar om miljø og dyrevelferd. Vi ynskjer å skapa fellesskap, gode relasjonar og samarbeid om garden. Difor ser vi no etter folk som i ei periode ynskjer å bruka tida og arbeidshenda sine på garden vår mot kost og losji.  

Dette er deg:

  • Du er oppteken av – og interessert i å læra meir om – matproduksjon, berekraftig landbruk og regenerative metodar. 
  • Du bur i eller i nærleiken av Bergen og ynskjer å verta ein del av ein sosial fellesskap med meining.
  • Du har lyst til å bu og arbeida på Gjengevoll i ei periode på eit par veker til nokre månadar (eller du kan koma fast nokre dagar i veka).
  • Du er open, nysgjerrig, glad i folk og ikkje redd for å ta i eit tak.

Dette ser vi for oss:

Vi ser for oss ei løysing der du bur på garden i ei avtalt periode og inngår i den daglege drifta. Du får ditt eige soverom og vert ein del av hushaldninga og deltek i fellesmåltid, husarbeid og andre daglege gjeremål.

Arbeidsmengde og oppgåver vil kunna variera, men vi ser for oss rundt 30 timers arbeid i veka mot full kost og losji. Om du har anna deltidsarbeid ved sidan av, kan ei alternativ løysing vera at du arbeidar rundt 15 timer i veka og bidreg til fellesutgiftane med 3 000 kroner i måneden. Ynskjer du ikkje å bu på garden, men berre få litt praktisk erfaring med gardsarbeid, kan vi avtala andre løysingar.

 

Om kvardagen på garden

Til vanleg er det oss husfolket, Mari og Kjetil, som bur fast på garden. Vi har ofte vener, familie og andre ressurspersoner innom i korte eller lengre perioder. Av og til har vi også helgedugnadar, så du må rekna med å møta på litt ulike folk. Om det er fleire som deg som ynskjer å koma og arbeida, kan det også vera du vert innlosjert med ein til. 

På garden er Kjetil fulltidsbonde og den som arbeidar med gardsdrifta i kvardagen. Mari arbeidar på garden utanom kontortid. Arbeidsoppgåvene varierer etter årstid og behov som oppstår. 

Vi har drive i eitt år og har i dag utegris, høns, sauer, bier og marknadshage med grønsaker. I tillegg baker vi og foredlar råvarer i eige produksjonslokale. Utgangspunktet vårt er å bruka så mykje som mogleg av ressursane som finst på og rundt garden. Kvardagen er variert, og kan bestå av å mata og stella dyr, sanka ville vekster, driva bygge- og vedlikehaldsarbeid, hogga trær, stella planter, selja varer på REKO, planleggja arrangement eller heilt andre ting. 2021 har vore oppstartsår kor vi har stabla den grunnleggjande drifta på beina. Vegen vert til medan vi går, og vi er framleis i utprøvingsfase, så det er stort rom for å påverka framtida til garden.

Å vera i oppstarten med å etablera ein regenerativ gard inneber at ikkje alt er perfekt og at vi ikkje er ekspertar, men at vi gradvis lærer meir og beveger oss i retninga vi ynskjer. Målet er ei mangfaldig og gjenoppbyggande gardsdrift der sunne økosystem, glade dyr og glade folk er i fokus. Vi er sikker på at du har noko verdifullt du kan læra oss, og at vi kan nok læra bort noko i retur.

Har du lyst til å vita meir om oss og garden, kan du sjekka oss ut på Facebook, på Instagram eller i podcasten vår, Gjengevoll Pludrecast.

Tykkjer du dette høyrast spanande ut, så ta kontakt med oss på hallo@gjengevoll.no og skriv litt om deg sjølv. Om det er aktuelt, tek vi ein uforpliktande samtale for å verta litt betre kjend. Om både du og vi tykkjer det er ein god idé, kan vi deretter verta einige om ei avtale som passar oss alle. 

Vi snakkast! 🙂

Ein marknadshage i utvikling

Denne våren har det skjedd store ting på Gjengevoll. Vi har nemleg byrja etableringa av marknadshagen vår! 

Her planlegg vi å dyrka eit rikt utval av grønsaker, frukt, bær og blomar som skal kunna gi mykje god mat til lokalfolket vårt gjennom ein lang sesong. Men før vi fortel om alt som er gjort, så lurer du kanskje på kva ein marknadshage eigentleg er? 

Marknadshageprinsippa

Marknadshage er ein driftsform som breier om seg i verda, og er ein form for grønsaksproduksjon som er kjenneteikna av at ein driv mangfaldig med mange ulike sortar grønsaker på eit lite område, litt som ein ekstra stor kjøkenhage. Ofte dyrkar ein ikkje på meir enn mellom nokre hundre kvadratmeter og opp til eit par dekar, noko som gjer denne produksjonsmåten veldig godt eigna til alle dei små og oppsplitta teigene vi har her på Vestlandet. Tanken er å få mest mogleg ut av areala og maksimera produktiviteten i laupet av vekstsesongen. 

Innsatsmidlane er ofte få og enkle. Ein nyttar stort sett handreiskap og eigen muskelkraft, og sjeldnare traktorer og større maskiner. Det inneber at marknadshagedyrking er eit miljøvenleg, relativt fossilfritt og arealeffektivt alternativ til “vanleg” storskala traktorproduksjon. Ein kan dyrka utan mykje plass eller dyre investeringar, men produksjonen er til gjengjeld meir arbeidsintensiv. Kundane kjøper varene direkte frå produsenten, og er viljug til å betala litt ekstra for variasjonen, det at varene er kortreist og miljøvenleg, og at dei ofte har ein betre og ferskare kvalitet enn ein er vand med i butikken.

I tillegg til at marknadshager som regel har eit mykje større mangfald av sortar enn konvensjonell produksjon, er det ofte mykje fokus på jordhelse og resirkulering av næringsstoff i denne produksjonen. Ein nyttar gjerne permanente plantebed og ynskjer å forstyrra jorda så lite som mogleg for å byggja opp eit aktivt og sunt jordliv. I staden for pløying brukar ein ulike reiskap og hjelpemiddel for å lufta og forbetre jorda, og førebyggja erosjon og tap av næringsstoff. Kompost, organisk gjødsel og ulike former for jorddekke skal syta for at plantene får den næringa dei treng.

 

Marknadshagen på Gjengevoll

Planlegginga av den framtidige marknadshagen var noko av det fyrste vi gjekk i gong med etter at vi tok over garden i august 2020. Vi hadde lyst til å etablera ein liten, men riktberande hage kor vi kunne dyrka eit mangfald av grønsaker, frukt og bær, og som vi kunne hausta av både tidleg og seint i sesongen. Det var allereie ein kjøkenhage på garden frå før av, men vi ynskja å utvida han. Slik såg det ut før vi byrja:

 

Vi starta tidleg på hausten med å utvida området til om lag det dobbelte av den gamle hagen og setja opp eit nytt gjerde som kunne halda hjort og andre dyr ute. Vi rydda i gamle plastduker, hagereiskap og anna som låg i hagen, og så lot vi grisane våre få sleppa inn på området. Dei brukte nokre veker i laupet av hausten på å rydda, eta opp planter og røter, gjødsla og jamna ut arealet. 

Grisar på beite i kjøkenhagen

Etter at grisane hadde vore der, var jorda rydda og klar for å verta bearbeida. Men før vi kunne gå vidare med sjølve hagen, var vi nøydd å drenera arealet. All nedbøren om hausten hadde nemleg tydelig vist at tilstanden på dei gamle grøftene våre ikkje var gode. Dei klarte ikkje å ta unna vatnet når det regna mykje, og alle dei flate områda vart omgjort til innsjøer og store gjørmehol som det var uråd å bevega seg over.

Som kjent er det få planter som vil vakse når røtene står nedi vassjuk og tett jord, så det å få ein god infrastruktur for vasshandtering var heilt naudsynt. Og sidan jorda allereie var våt og vi ikkje ynskte å pakka han meir med tunge maskiner, vart det til at heile grøftearbeidet til hagen vart gjort med handmakt. 

Så då byrja vi i april, då telen var gått i jorda, med å grava opp frå enden av marka (der den underjordiske grøfta går over til å verta ein open bekk), og heile vegen opp mot hagen.

Grøfting

Om du skulle vera i tvil: Grøfting for hand er enormt mykje arbeid. Takk og pris for dugnadsviljuge vener og familie som stiller opp og hjelper til! Dette prosjektet ville aldri kunne vorte gjennomført på tida utan dei rundt ti menneska som til ulike tider kom innom og hjalp til å grava. 

Hovudgrøfta vart gravd ved å opna opp den gamle kistegrøfta under bakken og følgja den så langt den gjekk. Vi grov opp torvlaget og steinane som låg under, og til alt hell gjekk den ganske rakt og fint gjennom området kor hagen skulle liggja. Planen for hovudgrøfta har vore å ha ein open kanal som renn gjennom hagen. Ei open grøft gjev fleire fordeler, både at ho har meir kapasitet til å ta unna vatnet ved store nedbørsmengder, og at ho er positiv for naturmangfaldet. Dessutan tykkjer vi det er mykje kjekkare med rennande vatn som vi kan sjå og høyra, så då får det heller vera greit at vi tapar litt dyrkeareal.

 

Då hovudgrøfta var ferdig opna, måtte vi i tillegg grava opp stikkgrøfter på arealet der som drivhuset skulle stå, og leggja ned dreneringsrøyr slik at den flate myrjorda kunne få sjangs til å tørka opp. 

I motsetnad til hovudgrøfta, som skulle vera liggjande open, vart stikkgrøftene lukka igjen sånn at vi kunne dyrka oppå. Vi grov dreneringsrøyra 50-60 centimeter ned i bakken med 2-3 meters mellomrom, la grus oppå og fylte på igjen med jord. Røyra måtte såpass ned for at vi skulle vera sikre på at plantene fekk 30 centimeter med jord til røtene sine. Endene på røyra stakk ut i hovudgrøfta.

Drivhus og oppalshus

Då det viktigste arbeidet med grøftene var gjort, kunne vi endeleg setja i gong å byggja drivhus!

 

Drivhuset vi har kjøpt er eit 5×12 meter stort drivhus frå Norgro. Her skal vi dyrka dei varmekrevjande vekstene, primært tomatar, agurk og paprika.

Vi tenkjer også å bruka det til å utvida dyrkesesongen. Om hausten og vinteren kan vi dyrka asiasalater, spinat og andre ting som held seg godt i kulda, og så kan vi byrja tidleg med reddik og utplanting av kål med ein gong våren byrjar å koma.

Jorda i drivhuset var prega av å vera organisk jord med mykje gamal og uomdanna torv og lite oksygen. Vi byrja med å gafla opp heile arealet på kryss og på tvers med eit breigreip, for å koma ned med luft til dei djupare jordlaga. Så strøydde vi på litt skjellsand for å betra PH-en litt, og eit lite lag med flis, primært for å gi litt meir luft i jorda. Så laga vi opphøgde bed med plankar, og la på eit godt lag med kompostjord på toppen.

Det å få ein skikkeleg god jord her inne, er ein langsiktig oppgåve vi kjem til å jobba med dei neste åra. Då vil vi kvart år tilføra ulike ting som kan gje struktur, luft og ein god næringssamansetning til plantene.

På den store utplantingsdagen flytta vi ut 98 tomatplanter, 54 agurkar, 10 physalis, ni auberginge, 4 tomatillo og ein del potter med forkultivert basilikum. Alle plantene hadde stått inne og venta tålmodig på å få koma ut, nokre av dei heilt frå februar. 

Innimellom dei store plantene gjeld det å unytta plassen så godt som mogleg. Framover skal vi setja ut salater i mellomromma, og så meir basilikum og kanskje noko reddik. 

Vi hadde også forkultivert ein god del paprikaer og chilier, men desse fekk ikkje plass i drivhuset. Heldigvis har vi også byggja eit eige oppalshus  i vår kor desse kan fortsetja å stå.

Oppalshuset, eller plantebarnehagen som vi kaller han, byggja vi av tre, gjennomsiktige takplater og gjenbrukte, gamle vindauge. Han er bygd inntil husveggen og vender rett sør, så her bør det verta lunt og godt tidleg på året.

Urteterrasse og plantebed

Sjølv om vi no har fått både drivhus og oppalshus på plass, kjem mesteparten av dyrkingsarealet i hagen til å vera friland. Her skal vi på sikt dyrka opp og laga fleire ulike felt med permanente dyrkesenger. I dei brattaste partia planlegg vi å planta bærbusker og laga nokre små terrasseringar. 

Så langt har vi arbeida mest med feltet foran huset. Her er terrenget ganske bratt, og for å få mindre helning har vi byggja opp ein terrasse i tre og lagt opp til eit dyrkingsfelt både oppe og nede. 

Nede har det no byrja å verta riktig fint etter at beda kom på plass og vi fekk planta ut alle dei forkultiverte plantene. Vi har fått ut grønnkål, hodekål, squash, gresskar, bladbete, og direktesådd bønner, erter, neper, svartrot og havrerot. I det øvre feltet skal vi planta ut jordbær og ei rekkje ulike urtar som framleis står i pottane sine og venter spent på å koma ut i jorda når beda er klare.

Som du skjøner, er det mykje arbeid som gjenstår før vi kan sei at hagen er ferdig, men vi tykkjer vi har gjort ganske store framskritt i laupet av dei siste to månadane. Vi hadde nok tenkt at vi skulle ha klart i alle fall eitt dyrkingsfelt til for denne sesongen, men samstundes gjorde den seine vinteren at vi ikkje kom i gang før i april. Dessutan var grøftearbeidet meir tidkrevjande enn vi hadde sett for oss på grunn av dei ekstra stikkgrøftene vi måtte grava. Så alt i alt er vi ganske nøgde. Vi gler oss til å få endå meir av infrastrukturen på plass i laupet av sommaren og hausten, og visa fram alle dei små og store framskritta. Og så kjem vi til å vera klar for å setja i gong med dyrkesesongen slik at vi kan levera kortreiste grønsaker så tidleg som mogleg til neste vår. Det vi produserer i år vert selt på REKO-ringene etter kvart som det vert hausteklart. Følg gjerne med på @mangesysleriet på Instagram for å sjå kva som skjer i hagen frå dag til dag 🙂

På feil veg

Det er grunn til å stoppa opp og tenkja litt alvorleg på kva som skjer med landbruket vårt.

Vi på Gjengevoll vart fødd på åttitalet. På den tida var det over 100 000 jordbruksbedrifter i Noreg. På femtitalet var det 200 000!
I dag nærmar vi oss 35 000 aktive gardsbruk.

Sidan år 2000 har tal mjølkeprodusentar gått ned frå 22 000 til 7 000. Det er nesten 70 prosent på tjue år. Arealet som er dyrka i Noreg har på same tid vorte redusert med ein firedel. Ein firedel!

I år meldar ein av fire bønder at dei planlegg redusert produksjon i 2021. Kvifor? Fordi dei ikkje har høve til å importera arbeidarar frå andre land. Arbeidarar det norske landbruket har gjort seg avhengig av fordi dei er viljuge til å jobba for ein mykje lågare løn enn nordmenn.

På den korte tida vi på Gjengevoll har levd, har vi altså ikkje berre slutta å dyrka store deler av jorda og lagt ned 2/3 av arbeidsplassane i landbruket, men dei resterande arbeidsplassane er avhengig av sosial dumping og arbeid utanfrå våre eigne grensar for å kunne gå rundt.

Kallar ein dette effektivt og framtidsretta? Korleis kan eit slikt landbruk vera berekraftig?

Svaret er at det er det ikkje.

Det er eit sykdomsteikn at det er så vanskeleg å leva av å laga mat at fleire hundre bønder gir seg kvart år. At vi er avhengig av underbetalte arbeidarar frå andre land fordi ingen nordmenn tykkjer det er verdt løna. At vi treng å leggja beslag på areal i Brasil og andre land fordi det er meir «lønsamt» enn å bruka dei areala vi har rett utanfor døra. I kva slags verd gjev det meining?

Når vi har ein næring kor folk ikkje kan få rettferdig betalt for å gjera ein ærleg og viktig jobb, så bygger vi heile landbruket vårt på eit vaklevorent fundament.

Vi, Mari og Kjetil, starta opp drifta av Gjengevoll Mangesysleri i fjor fordi vi vil gjera opprør mot denne utviklinga. Vi er ikkje einig i at den einaste retninga framover er ein utvikling kor den norske bonden vert så stor og effektiv at landbruket til slutt ikkje finst og bøndene er ein utdøydd rase.

Vi meiner at det trengst fleire bønder i landet vårt, ikkje færre. At vi er nøydd til å bruka større delar av dei dyrkbare areala våre. At vi må produsera maten vår sjølv på eigne areal. At vi må slutta å akseptera at matproduksjon skal vera så mykje lågare betalt enn alle andre oppgåver i samfunnet. At vi må byrja å betala det maten faktisk kostar.

Vi er overbevist om at det går an å leva som små jordbrukarar. At det går an å driva ein liten gard med «tungdrivne» areal. At det å nytta ressursane så godt vi kan, samstundes som vi har respekt for dyra og naturen, er ekte berekraft. Og at det å laga kortreist og ærleg mat, er framtida.

Det er det vi ynskjer å jobba for. Og vi trur mange av dykk der ute er einig med oss.

Takk til alle de som kjøper lokalmat og støttar ei anna retning for det norske landbruket. 💖


Korleis redda ei verd i krise?

Om billeg brokkoli og dyre konsekvensar

Vi les og høyrer det kvar einaste dag: Verda må verta meir berekraftig. Vi står oppi ei klimakrise, folk svelt, miljøet vert øydelagd og artar døyr. Vi må endra på heile samfunnet, få til ei total omlegging, for å klara å bremsa utviklinga.

Vi les det. Og så tenkjer vi: jaja. Men kva skal eigentleg eg gjera med det? Det er jo ei heilt håplaus oppgåve. Kvar skal ein eigentleg byrja?

Og så går vi i butikken. Handlar mat. Nett slik eg gjorde for nokre dagar sidan. 

I butikken eg var i hadde dei brokkoli til 7, 90 per stykk. Han var importert frå Spania.

Brokkoli til 7, 90 per stykk?

Om ein gjev det nokre sekund og tenkjer seg om, byrjar ein å skjøna at det er ganske vanvittig. 

Tenk på alt som skal til for at den brokkolien havna der i butikkhylla på Bjørkheim. 

Først må nokon ha planta han. Forkultivert han. Satt han ut i jorda. Gitt han næring og sytt for at han ikkje vart eten opp av skadedyr. Passa på han i kanskje fleire månader.  Og så: Hausta. Vaska. Pakka. Og så forflytta med bil, lastebil og fly eller båt for at han skulle koma til Noreg. Kor han vart motteken, kanskje sortert, emballert og frakta på nytt, lagt ut i hylla og prisa i butikken. 

Tenk kor mykje tid som har gått med. Tenk kor mange menneske som har vore involvert. Tenk kor mykje drivstoff og energi som har blitt brukt. 

Og så kostar han berre 7, 90?

Korleis i huleste går det an at vi i Noreg kan kjøpa brokkoli frå Spania til 7,90 per stykk? 

Eg stod der i butikken og imploderte litt, og så tenkte eg vidare. 

Eg veit ikkje kva som er løysinga på alle verdas problem og kriser, men eg veit i alle fall at det ikkje går an å ha eit berekraftig matsystem der brokkolien kostar 7, 90. Det skal ikkje vera mogleg. Og det burde ikkje vore lov.

Kven sin feil er det at det er slik? Er det matkjedene? Er det staten? Er det dei i Spania? Er det oss som går i butikken og handlar desse varene kvar dag og bidreg til etterspurnad av billege og langreiste varer?

Eg veit ikkje heilt kven som har mest feil. Og eg trur ikkje det er nyttig å leggja skuld. Men eg trur at vi har makta til å endra det.

Forestill deg at du bur i ein bygd eller ein liten tettstad. Plassen har skule, butikkar, kommunehus, kyrkje, lokalavis og det meste anna ein har behov for og som er vanleg på ein plass.  

Men noko skil seg ut.

I staden for at det er ein eller to bønder som driv alt jordbruksarealet i bygda, så er det ti. Tjue. Eller femti. 

I staden for at folk handlar alle grønsakene sine, så har alle ein liten kjøkenhage kor dei dyrkar litt kvar. 

Dei som ikkje har plass eller ork til å dyrka, kan gå til ein bonde i bygda og handla maten sin der. Kanskje vera med i eit andelslandbruk og møta folk på dugnad som dei kan dyrka maten saman med. 

Eller dei kan gå på marknaden ein gong i veka kor alle dei lokale matprodusentane møtast. Skravla med naboen og slå av ein prat med bonden. Smaka på gulrøter som er dratt opp av jorda same dag. Kjøpa kjøt av dyr som er slakta på det lokale slakteriet. Eller osten som er ysta på det lokale ysteriet. 

Brokkolien kostar ikkje 7, 90, men du kan vera trygg på at det du betalar går rett til å gje bonden ein rettferdig løn for arbeidet ho har gjort med å laga god mat på ein måte som tek vare på miljøet. 

I staden for at du brukar pengar på billege klede frå Kina og andre ting  du eigentleg ikkje treng, brukar du heller meir av pengane dine på det som du puttar i munnen og som gjev deg næring kvar dag. I tillegg bidreg pengane på å gje fleire menneske – kanskje også deg sjølv – moglegheit til å jobba lokalt, med jobbar som bidreg til både bygda di og den store kloden. 

Folk et betre, et meir kortreist, har betre relasjonar med kvarandre, har meir tid og fleire har jobbar i nærleiken av der dei bur. 

Ein draum? 

Kanskje. Men eg trur at om vi skal finna ein veg ut av alle krisene vi står i, som er så tett samanvevd og påverkar alt liv på denne kloden, så har vi ikkje noko val anna ein å prøva å ta nokre skritt nærare den draumen.

Eg trur at om eit matsystem skal vera berekraftig, så må meir av maten vi kjøper vera lokalt produsert. 

Vi må laga tettare handelsnettverk og kortare reiseveger for maten.

Vi må foredla meir av maten lokalt og leggja igjen meir av pengane våre i bygda vår, kommunen vår, fylket vårt og landet vårt. 

Vi må få fleire bønder som driv meir mangfaldig på mindre areal.

Vi må foredla meir av maten i nærleiken av der vi bur og skapa større verdiar av han.

Vi må vita meir om korleis maten vår er laga og stilla strengare krav til at han skal vera laga på ein måte som tek omsyn til dyr, natur og folk.

Vi må rett og slett setja sunn, sakte, ekte, ærleg og kompromisslaus mat på topp og i sentrum av agendaen. 

For ingenting er viktigare for oss enn maten som held oss i live. Og lite påverkar helsa vår og helsa til planeten meir enn nettopp maten. 

Dårleg mat gjer både oss og planeten sjuke. Dårleg mat gjer at folk vert utnytta og ikkje får ein løn å leva av. Dårleg mat bidreg til enorme klimagassutslipp. Dårleg mat gjer at artsmangfoldet døyr ut, at skogane vert hogga, at jordsmonnet vert utarma, at vassdragene vert forureina. Dårleg mat presser hundrevis, tusenvis av dyr saman på altfor små areal. Dårleg mat er næringsfattig mat, som er laga med flest mogleg snarvegar for å pressa mest mogleg profitt ut av eit system som er øydelagd.

Dårleg mat er billeg mat med skjulte kostnader.

Bra mat er det motsatte. Bra mat har ikkje skjulte kostnader, men mange synlege gevinster. 

Så når vi høyrer om alle desse store, globale krisene og vert heilt handlingslamma og passivisert fordi dei er for store til at vi kan gjera noko med dei: 

Hugs at det er du og eg som kjøper mat kvar dag. Det er du og eg og kvar einskild annan, som handlar og et mat kvar einaste dag, som kan endra på matsystemet. 

Kvar einaste lille ting du brukar pengar på, sender eit signal. Kvar krone du legg igjen hjå bondenaboen din, kvar einaste brokkoli du kjøper på reko istaden for i butikken importert frå Spania, sender eit signal som får konsekvenser på andre sida av kloda. 

Vi er alle ein del av den store verda. Heldigvis treng ikkje ansvaret for å redda heile verda og rydda opp i alle dei store krisene falla på kvar og ein av oss.
Men det vi kan gjera, er å gjera noko kvar dag for å få vår eigen lille flik av verda til å verta litt betre.

 

 

Våre første månader som bønder

Vi overtok garden i august, og no er det november. Det vil seia at vi har vore bønder i nesten tre månadar. Herrejemini, som tida flyg! 

Eg tenkte det kunne vera ein passande tid å ta ein liten status på kva som har skjedd i denne tida. Det er jo så mykje som hender at det kan vera litt vanskeleg å få oversikt, både for oss og sikkert for de som følgjer med!

Eit halsbrekkande livsprosjekt

For dei som ikkje kjenner oss så godt frå før av, kan det vera greitt med litt bakgrunnsinformasjon. Eg (Mari) og mannen min Kjetil overtok altså garden vi bur på for tre månadar sidan. 

Hadde vi noko tilknytning til garden frå før? Nei.

Hadde vi noko røynsle med gardsdrift? Ikkje noko særleg.

Kjentest det litt ut som vi kasta oss ut i eit heilsprøtt prosjekt utan noko sikkerheitsnett? Absolutt!

Det vi hadde, var ein draum om eit meir meiningsfullt liv med gardsarbeid og praktiske arbeidsdagar, kor vi klarte å skapa eit levebrød av naturen. Vi hadde oppegåande hovuder, en god del ulik røynsle og kunnskaper, ein smule forretningsteft og eit idealistisk ynskje om å driva berekraftig lokalmatproduksjon på lag med naturen.

No var det tid for å gjera alvor av draumen. Så vi pakka sakene våre og flytta frå Bergen by og ut på landet i Samnanger. 

 

Å koma i gong fort

Det store spørsmålet før vi flytta inn, var kor mykje vi ville klare å få gjort før jul og før vinteren kom. 

Som bonde er man nemleg heilt prisgitt årstidene og sesongane, og det er i vekstsesongen mesteparten av produksjonen skjer. Så det å ikkje ha fått utnytta årets sesong i nokon særleg grad, det var sjølvsagt ein utfordring. 

Vi var heilt nye bønder som skulle verta kjent med eit nytt gardsbruk, læra oss korleis vi skulle driva, og testa ut ulike produksjonar og produkt. Samstundes trengte vi noko å få inntekt av – det ville vore for seint å venta heilt til neste sommar når vi samstundes har mykje utgiftar og investeringar som kostar mykje pengar.

Difor var litt av utfordringa å finna noko som kunne gi oss noko inntekt raskt, medan vi byggja opp drifta vår samstundes.

 

Gris, høns og sau

For å få nokre inntekter på denne sida av jul, valte vi difor å kjøpa ti slaktegrisar som vi har fôra opp sidan 1. september. Grisar veks fort, og ein får mykje kjøt per dyr. Difor kan det vera ein lur produksjon å investera i når ein er i oppstarten.

Grisane våre har fått gå ute heile tida. Fyrst budde dei på det gamle sauefjøset med fri tilgong til ein stor luftegard, så vart dei flytta til kjøkenhagen for å rydda den (her planlegg vi oppstart av marknadshage med grønsaksproduksjon til neste år), og no seinast er dei flytta enno ein gong til eit nytt, friskt beite. Snart er dei klare til å verta slakta, og då skal dei verta god julemat for privatkundar som held til i Bergen og nabokommunane. (Vi sel grisane som kvarte grisar, partert og pakka inn, og vi har framleis nokre igjen til sals – sjå her).

 

I tillegg til grisane starta vi opp med ein liten hønseflokk. (Dei flytta faktisk inn før vi gjorde det, så det vart nokre veker med pendling for å stella og mata dei i byrjinga). Vi starta med 21 høns, fire kyllingar og ein hane. Etter kvart fekk vi to hanar til, og enno seinare kom det til ein ny flokk med kyllingar som vart rugd ut på garden. Det vil sei at flokken vår er i vekst, og vonleg vil den verta enno ein god del større i det neste året.

Det vil også sei at vi rimeleg fort hadde et produkt å selja, nemleg egg! Det har aldri vore den store produksjonen, og vi vert ikkje akkurat rike av det, men det kjentest bra å vera i gong med noko og kunna levera kartongar til kundar med Gjengevoll-logoen på.

 

Det var kanskje først i midten av september, då saueflokken vår kom til gards, at vi verkeleg byrja å kjenne at vi hadde ein “ekte” gard. Både grisar og høns er flotte dyr som det er kjekt å jobba med, og som til ein viss grad kan nyttiggjera seg fleire fôrressursar, men når det kjem til gardsdrift basert på norske og vestlandske ressursar, er beitedyr absolutt det som gjev mest meining. Våre ti gammalnorske spælsau, som vi fekk frå Langegården i Bergen, kom rett ned frå fjellbeitet og byrja å eta på graset på bøen. (Graset hadde for øvrig vakse seg altfor langt sidan det ikkje hadde vore slått eller beita i sommar).

Å sjå beitedyr i sitt rette miljø, og kjenne lukta av ull på garden, det kjentest riktig. Og veldig, veldig godt.

 

Så, kva har vi eigentleg gjort?

Det er det freistande å svara “ikkje på langt nær så mykje som vi skulle ynskje!”. 

Men på ein anna side vil eg sei vi har gjort uendeleg mykje med tanke på at vi berre har budd her i mindre enn tre månadar.

Vi har flytta inn i eit hus, med alt det inneber av oppakking, tilvenning, justeringar og turar til IKEA.

Vi har vorte kjent med ein heilt ny heimplass, ein ny kommune, nye naboar og (for min del) ein ny jobb.

Vi har lært ein del om kva det vil sei å ha høns, sauar og grisar.

Vi har bygd kompostplass, renska i fjosen, fylt låven med vinterhøy, flytta grisar  til nytt beite to gongar (lettare sagt enn gjort!), gjerda ein del, leita etter sauar på rømmen, reinska opp i ein stor hage og hatt to dugnader. 

Vi har lest mykje fagstoff om alt frå marknadshagedrift, internkontroll og hønsehald til dreneringstiltak, tilskotsordningar og forretningsdrift. Eg har også vore ei veke på ystekurs i Aurland (høyr kva eg lærte der i episode 16 av podcasten vår), og snart skal eg byrja på eit marknadshagekurs som skal gå fram mot sommaren til neste år.

Vi har byrja å selja varer på REKO-ringene (i Eikelandsosen og Samnanger førebels), og har byrja innreia produksjonslokalet vårt slik at vi kan bruka det til å laga stadig fleire varer (det har vorte nokre seine og slitsame kveldar med lefsebaking). 

Vi har stukke “haudet ut”, hoppa ut i det og lansert oss som bedrift for heile verda, vore i lokalavisa og marknadsført dei første produkta våre (du kan tru det er skummelt!).

(Og apropos å stikka haudet ut – nemnte eg at vi både har ein gardspodd med nye episodar kvar måndag OG ein Instagramkonto som vert oppdatert dagleg?)

Vi har og fått våre første mindre gode erfaringar: daude høner, kyllingar som vart teken av rovdyr og plagar med heilt uhorveleg mykje mus (som kjem seg inn OVER ALT og et KVA SOM HELST), i fjosen, i veggane, i taket, i kjøkenskåpet, i kjellaren, i stuen, you name it.

 

Så, altså:

Å skulla oppsummera dei siste månadane på ein dekkande måte er litt vanskeleg.

Det har vore den travlaste tida i våre liv. Det har vore hektisk, stressande og slitsamt. Det har og vore enormt lærerikt. Samstundes har det kjentes litt som at kvar gong vi lærer noko nytt, dukkar det tusen nye ting opp som paddehatter, og at vi aldri kjem til å verta utlært. 

Å starta å driva ein gard er overveldande. 

Læringskurva er bratt, og det er så uendeleg mykje meir ein har lyst til å gjera, enn ein har tid til. 

Vi skulle gjerne allereie ha fått laga ny innreiing til fjosen, satt opp drivhus og gjerda heile eigedomen. Vi hadde planar om at det nye hønsehuset skulle vera ferdig i august, og vi har enno ikkje rukke å byrja. Over alt ser vi ting vi har lyst til å gjera, og det kan vera veldig frustrerande å ikkje rekka over halvparten av det ein ynskjer, og ofte stadig kjempa mot klokka fordi mange ting må skje til ein bestemt tid av året. Rekk vi det ikkje, må vi venta til neste år.

Den viktigaste erfaringen vi har gjort oss så langt, er kanskje denne:

Ting tek lengre tid enn vi skulle ynskje.  

Og den viktigaste lærdomen er:

Det må vi akseptera. 

Ting tek den tida dei tek. 

Vi kan ha alle dei store planane vi berre vil, men døgret får ikkje fleire timer av den grunn. Og om ein gardsdrift skal vera berekraftig, kan vi ikkje basera oss på at vi skal jobba oss i heil. 

Vi må også ha pauser. 

Vi må også rekka å nyta garden vår, livet vårt, stoppa opp og eksistera i alt det fine vi har og skaper.

 

TAKK for at du fylgjer med!

Vi på Gjengevoll er brennande engasjert for berekraftig matproduksjon, ærlegheit og god informasjon.

Ein viktig grunn til at vi skriv her på bloggen, at vi deler i sosiale media og at vi tek oss tida til å laga podcast kvar veke, er at vi ynskjer å dela reisa vår med andre. 

Det inneber å vera open om både oppturane og nedturane.  

Vi vonar at vi på den måten kan engasjera fleire til å bry seg om kvar maten kjem frå, og til å støtte matproduksjonssystemer som tek vare på dyra, naturen og oss menneske. Kanskje vi til og med kan bidra til at andre tek steget og følgjer draumen om å starta ein gard eller ein bedrift.

Tusen takk til alle dykk som fylgjer med oss, som gjev oss tilbakemeldingar, som kjøper varer frå oss, deler podcasten eller som berre generelt bidreg med positivitet og støtte.

De er verdas BESTE heiagjeng! 

No kan du bestilla glad julegris!

No kan du sikra deg det aller første kjøtet som vert seld frå Gjengevoll Mangesysleri. I desember skal vi slakta dei 10 grisane våre, og du har moglegheit til å bestilla ein kvart gris til jul. Vi leverer på avtalte hentepunkt i Bergen, Samnanger og Bjørnafjorden (Fusa) i desember. 

Dette er eksklusivt kjøt av svært høg kvalitet, frå nokre av dei lukkelegaste grisane i Noreg. Om du har fokus på dyrevelferd og tykkjer det er viktig at dyr skal ha det bra så lenge dei lev, er dette kjøt du kan kjøpa med skikkeleg godt samvit. Les meir om korleis grisane har det lenger ned på denne sida.

Under står det meir informasjon om kva du kan forventa og korleis prosessen vert. Om du ikkje får svar på alt du lurar på, så send oss gjerne spørsmål på hallo@gjengevoll.no! 🙂

Kva kostar det og kva får eg?

  • Prisen per kilo er 185 kroner (inkludert evt. moms)
  • Ein kvart gris veg om lag 15-18 kilo
  • Du får ein kasse med varierte stykningsdeler til forskjellig bruk, partert og pakka
  • Inkludert i kassa er ein halv ribbe
  • Du betalar kr 1 000,- i depositum når vi har bekrefta bestillinga di.

Ein gris består av mange ulike delar, og du kan forventa å få ein variert kasse med ein god blanding av finare og grovare kjøt, mellom anna indre- og ytrefilet, koteletter, bog, flesk og ribbe. I gamle dagar gjaldt det å nytta kvar einaste del av dyret når ein slakta julegrisen. Her har du moglegheit til å gjera det same, og få mykje ulikt kjøt som du kanskje ikkje alltid kjøper til vanleg. 

Kvifor kan de ikkje sei nøyaktig kva og kor mykje eg får?

Den endelege vekta på grisane veit vi ikkje før dei vert slakta. Difor vert den endelege avrekninga ikkje klar før kjøtet er pakka og klar til levering.

Dette er òg første gong vi slakter gris, og difor veit vi ikkje heilt sikkert nøyaktig kva for delar vi får frå slakteriet. Men du kan vera trygg på at vi fordeler stykkene så rettvist som mogleg, og at du ikkje betalar for meir enn du får. 

Depositum

Når du har bestilt gris og vi har bekrefta bestillinga med ein epost, får du beskjed om å betala inn eit depositum på kr 1 000,- til vår konto. Bestillinga er ikkje endeleg før vi har mottatt betalinga. Det betyr at om det er høg etterspurnad, er det førstemann til mølla.

Å ala opp griser er ein stor økonomisk investering i den skalaen vi driv, og depositumet gjer at vi får ein større økonomisk tryggleik og pengar til løpande utgiftar. Det er òg ein forsikring om at vi faktisk får selt kjøtet. 

Ein kvart gris er mykje, kan eg kjøpa kjøt i mindre storleiker?

I utgangspunktet nei. Av di vi testar ut sal av grisar for første gong og ikkje vil ta oss vatn over hovudet, vel vi å kunn selja kvarte storleiker. Risikoen med å selja mindre deler, er at det vert mykje meir arbeid å administrera, og at vi fort kan gå tom for enkelte deler medan vi ikkje får solgt andre. Vi trur at kundane våre vil ha eit heilskapleg og spanande produkt med variasjon. Å kjøpa ein kvart gris vert ein forundringspakke kor du kan kosa deg meg mykje forskjellig, både til jul og i det nye året.

For eit normalt hushald kan det verta mykje kjøt, særleg om du har lite med fryseplass eller er einsleg. I så fall anbefaler vi at du går saman med ein eller to andre, så de alle kan sikra dykk prima kjøt frå lukkelege utegrisar.

Om grisane

Dei ti grisane som går her på bøen på Gjengevoll i haust, har romsleg med uteareal kor dei spring rundt og leiker, beitar på gras og grev etter røter i jorda. Dei får leva ut sine naturlege behov så langt som råd er. Grisane har tilgang til ly, halm og varme inne, men kan gå fritt ut og inn. 

Fôret til grisane består av det dei finn ute på beita og ein god dose frukt og grønsaker i tillegg til kraftfôret (økologisk når vi får tak i, men det har vore landsdekkande mangel på økologisk kraftfôr denne hausten).

Dette er med andre ord kjøt frå nokre av dei lukkelegste grisane ein kan få tak i i Noreg. Det høge aktivitetsnivået til utegrisane, og den varierte kosten dei har, gjev også svært godt kjøt av høg kvalitet med god marmorering.

Kva kostar eigentleg maten?

Eg vart oppildna til å skriva litt om pris på mat, og om kva maten vi et eigentleg kostar. Ikkje berre om prisen ein betalar i butikken, men om alle kostnadane som ligg bak. Bakgrunnen er at det er eit tema vi byrja å prata om i denne vekas pludrecast (podcasten til oss på Gjengevoll) og noko eg brenn mykje for. (Om du vil høyra oss prata om det i podcasten, kan du spela av episoden under frå om lag 25 minutter inn i episoda.)

Eg har lenge vore oppteken av at maten skal ha ein riktig pris og at bonden skal få rettferdig betalt for alt arbeidet ho gjer. Eg tykkjer stort sett at maten vi kjøper i butikken er altfor billeg med tanke på arbeidet som ligg bak. Dei statlege subsidiane som går til å produsera mat, kjem i stor grad forbrukarane til gode, og vi bruker mindre av inntekta vår på mat no enn vi nokon gong har gjort før (rundt 11 %). Samstundes er fortenesta ved å produsera mat så låg at jordbruket slit med rekrutteringa. Det er mykje hardt arbeid og stort sett fleire timer enn eit vanleg årsverk, men til mykje lågare timepris. Det er ikkje berekraftig. No når vi har kjøpt vår eigen gard og planlegg å gjera matproduksjon til eit levebrød, er  dette med prissetjing av varer noko som ikke berre er eit politisk og teoretisk engasjement, men noko som i stadig større grad kjem til å ha ein direkte påverknad på livet vårt og moglegheita vår til å kunna driva og leva på denne garden.

Mat på idealisme?

Det er mange idealistar innanfor lokalmat. Ein vel gjerne å driva smått og med direktesal fordi ein ynskjer å driva meir på dyra og naturen sine premiss – i liten skala og med moglegheit til å følgja opp dyra og produksjonen tettare.

Det er ikkje til å koma unna: når ein skal driva ein gard etter økologiske, regenerative eller heilskaplege prinsipp, kostar det. Det kostar i form av arbeidstimer, råvarer, dyrare innsatsmidlar, færre snarveger og meir langsiktige biologiske prosesser. Samstundes er det mange som kvir seg for å ta betalt det maten kostar. Dette sjølv om ein grunnleggjande regel for einkvar bedrift er at ein må kunna dekka utgiftane og gå i pluss for at bedriften skal kunna ha livets rett.

Eg føler nesten at ein del matprodusentar ikkje tør å ta seg betalt for arbeidet dei legg ned. At om ein dekker dei løpande produksjonskostnadane og ikkje går i minus, så får det vera greit, liksom. At ein ikkje tør å sei “eg fortener også å ha løn!”. Og at mange difor prisar varane sine for lågt.

Men alt har ein pris. Og alle dei skjulte kostnadane tenkjer ein gjerne ikkje på når ein står i butikken eller handlar på bondens marknad. Ta eit egg til dømes.

Verdien til eit egg

Førebels er egg den einaste varen vi har solgt frå garden vår. Sidan vi er heilt nye gardbrukarar og heilt nye som bedriftseigarar, er vi ikkje stø på priskalkylar enno, og har heller ikkje mykje grunnlag å ta slutnadar på. Men vi byrja reknestykket med å sjå på fôrkostnadane.

Sidan vi ynskjer sunne høner og fôr som er produsert mest mogleg i tråd med dei verdia vi sjølv har for matproduksjonen, vil vi ha eit godt fôr. Det er no ein gong slik at ein stort sett får det ein betalar for, så då vert det ikkje det billegaste fôret. Sidan hønsa våre er aktive høns som får vera ute og bevega seg mykje, er også forbruket av fôr antakelegvis noko høgare enn det vil vera i industriproduksjonen. Og sidan vi vil ha sunne, gamle rasar som ikkje er avla for raskast mogleg vekst og høgast mogleg produksjon, legg ikkje hønsa våre like mange egg som ei industrihøne. Dette tatt i betraktning, vert kostnaden per egg kanskje nesten 4 kroner. Og det er kunn fôrkostnaden.

Deretter kan ein rekna på kor mykje det kostar å kjøpa kvar høne og kor mykje det kjem til å kosta i materialer og arbeidstid for å byggja hønsehuset vi skal laga til dei. Dette er grunninvesteringar som på eitt eller anna vis må tilbakebetalast i det lange laup, om produksjonen skal vera berekraftig.

I tillegg kan ein rekna på kor mange arbeidstimer ein brukar på å stella hønsa, handla fôr, vaska og pakka egg, kjøpa kartongar, driva marknadsføring, sal og rekneskap. For ikkje å snakka om kva det kostar i drivstoff, bompengar og bilhald for å frakta varane til kundane, om dei ikkje kjem til garden sjølv. Og! Om ein er momsregistrert, må ein leggja på 15% moms. Som betyr at når du som forbrukar kjøpar ein vare, sit bonden igjen med 15% mindre enn prisen du betalte.

(Og merk at vi har enno berre prata om dei direkte kostnadane, ikkje noko om moglegheita til å driva med overskot og få ein avkastning ein kan byggja bedriften på vidare, noko som er eit sjølvsagt mål i all berekraftig næringsverksemd.)

Når ein byrjar å tenkja på alt dette, skjønar ein fort at det å ta 20, eller til og med 30 kroner for ein sekspakning med høgkvalitets egg, det er ikkje berekraftig. Ja, tenkjer ein nøye etter, er det eigentleg rart at ein forventar at eit egg, eit heilt dagsverk til ei høne, som er stappfull av viktige næringsstoff og er noko av det sunnaste ein kan eta, skal kosta så lite som det ofte kostar i butikken.

Kva er rettvis løn?

Slik vi produserar mat på i dag, vert veldig mange av kostnadane subsidiert av bonden. Til dømes, hvis vi på Gjengevoll skulle tatt utgangspunkt i ein timepris på 290 kroner timen, som var løna til ein gjennomsnittsnordmann i 2019, ville all maten vi produserte verta utruleg mykje dyrare enn alle andres.  Difor tek vi ein lågare timepris enn det ein kan forventa i en “vanleg” jobb kor ein er tilsett (og så kan ein jo spørja seg om kor rettvist eller berekraftig dét er).

Som sjølvstendig næringsdrivande har vi sjølv ansvar for å bestemma kor mykje løn vi skal ha, og her kjenner vel mange på det å vekta eigen inntekt opp mot moglegheita til å driva bedriften vidare. Dess mindre løn vi tek ut, dess meir kan vi bruka på å dekka utgiftane og byggja bedriften vidare. Men kor låg løn er akseptabelt?

Vi som matprodusentar har akkurat dei same utgiftane som andre. Vi har også huslån, gjeld, oppussingsbehov og må handla mat i butikken. Somme vil gjerne også dra på ferie av og til, kanskje gå på restaurant eller på ein konsert i ny og ne. Det burde ikkje vera urimeleg å forventa.

Og her kjem spørsmålet inn om kven som skal vera ansvarleg for at bonden får betalt? Som sagt, vi må sjølv setja prisen på produkta (og dette er ein viktig plass å starta), men som samfunn har vi vel og eit felles ansvar for syta for at folk som arbeidar får løna dei fortener? Eller kvifor skal det vera akseptabelt at heile resten av samfunnet får ein inntekt og ein levestandard som dei som produserar mat til oss alle ikkje får? 

Bevisste forbrukarar

Eg trur vi har ein stor jobb å gjera i alle ledd for at lønen til bonden skal verta betre og prisen på maten skal vera meir i samsvar med det den faktisk kostar å produsera.

For det første tykkjer eg matprodusentar (dei av oss som sel direkte til forbrukarar og difor har meir makt til å bestemma prisen på varane våre sjølve), må ta seg betre betalt. Det er negativt for alle at nokon prisar seg sjølv altfor lågt. Det gjev eit falskt bilete til forbrukaren av kva som ligg bak maten og kva den faktisk kostar. Andre vert tvungen til å setja ein lågare pris enn dei bør, eller risikera å ikkje få solgt varane sine. Det er eit kapplaup mot botnen.

Men vi har og ein stor jobb å gjera med å synleggjera kva for kostnader som finst. Kva ligg bak den prisen vi tek? Kvifor er dette produktet dyrare enn det ein kjøpar i butikken? Til dømes er det lettare å skjøna kvifor svinekjøtet er dobbelt så dyrt som “vanleg kjøt” i butikk, om ein veit at ein kjøper kjøt frå ein rase som ullgris, som får færre ungar, veks saktare enn industrigrisen og difor kostar meir for bonden å holda. Samstundes får man kjøt som held langt høgare kvalitet og gjev ein heilt anna smaksoppleving.

Bevisste og kunnskapsrike forbrukarar er den beste allierte til bonden. Dei store kjedene her i Noreg har altfor mykje makt og kan tyna produsentane til smertegrensen. Når vi ser kor lite pengar den konvensjonelle bonden som leverer råvarer til butikken, sit igjen med av den prisen du betalar, er det tydeleg at alternative marknadskanaler er ein viktig veg å gå, både for at “idealistiske ” bønder skal kunna driva med omsyn for dyr og miljø, og for at forbrukarane skal kunna kjøpe unike produkt med godt samvit.

At du handlar på bondens marknad, på REKO eller på andre vis direkte frå bonden, er med på å støtta opp om eit meir berekraftig matsystem. At du er viljug til å betala litt meir for maten (dei fleste av oss har fint råd til det), og ikke automatisk tenkjer at mat skal vera billeg, er kjempeviktig. Og at både bønder og forbrukarar er transparent på dei reelle kostnadane, slik at vi alle kan endra forventningane til kva mat kostar, er sentralt.

 

For hugs at det alle meste av maten vi kjøpar antakelegvis burde vera mykje dyrare. Og det faktum at han ikkje er det, betyr berre at det er nokon andre som har betalt kostnadane som du ikkje ser. Anten dyra, naturen eller bonden sjølv.

Rød låve med låvebru på gård

Den sakte tida

Det er seinsommar, og om litt skal mange spente skuleborn byrja på skulen igjen. Sommerfuglar i magen, mykje som er nytt, store forventningar til året som kjem.

I år er vi litt som spente skuleborn vi og, for når ongane har fyrste skuledag, skal vi endeleg flytta inn på Gjengevoll! No har vi pakka og handla og kjøyrt og lossa og planlagt i veker og månader. Endeleg skal vi ta fatt på det nye livet på landet. 

Gårdstun og eng
Endeleg er det tid for å flytta inn på garden!

Vi gler oss veldig mykje til å koma på plass, men kva er det eigentleg ved det landlege livet som lokkar? 

No til dags er dei fleste av oss vande med å ha travle liv, og det moderne samfunnet har mykje kjas og mas ved seg som eg trur vi etter kvart berre har akseptert og tek for gitt. Samstundes trur eg mange har fått ei lita oppvakning under corona-tida, kor vi har verta tvungen til å roa ned og tilbringe meir tid heime. 

For min eigen del har eg kjent på noko djupt inni magen i lengre tid – eit ynskje om å få eit saktare liv som er meir… 

(KLISJE-ALERT!)

“i pakt med naturen”. 

Eg trur det ligg noko viktig i det å vera forankra i det rundt oss. Det gjer noko med oss som menneske. Å kjenna grønt gras, å stella med planter, hauste fruktene av det ein har dyrka fram og tatt vare på, høyre på naturens lyder og kjenna årstida på kroppen, det trur eg ligg rotfesta i oss på ein slik måte at når vi ikkje har det slik, vert vi mindre lukkeleg og meir stressa. Eg trur også at det å kunna følgja med på årstidene, leggja merke til dei små endringane som skjer dag for dag, og tilpassa oppgåvene etter vêret, det gjer at ein er meir til stade i sin eigen kropp. Ein er ikkje like likegyldig til tida som spring avgarde.

Då eg budde i Oslo og jobba på kontor, var dagane ganske like. Anten det var vinter eller sommar, stod eg opp til same tid, kom meg på trikken, sat på kontoret og kom heim og slappa av i sofaen på kvelden, stort sett ganske utsleten. Terskelen for å koma seg ut, altså ut i NATUREN, i skogen, på fjellet, kjentes høg. Stort sett var det turer langs Akerselva det gjekk i. Sjølv om det var mogleg å ta buss og koma seg ut i Oslomarka, var det ikkje noko eg gjorde ofte. Det vart fort vart eit “prosjekt” som tok heile dagen. Eg har heller ikkje eigentleg følt at eg har hatt tid til å vera ute og plukka og sanka, (sjølv om eg alltid likte å gjera det då eg var liten). Det har ikkje kjentest ut som det har vore produktivt nok. Som vaksen har det har alltid vore så mykje å gjera. Det har alltid vore ting som brenn, som har virka viktigare enn å gå ut og plukka blåbær. Det var neste så eg fekk litt dårleg samvit av å skulle gjera det. Er ikkje det eigentleg ganske trist?

I sommar har eg for første gong på mange år tatt meg litt tid til å plukka og sanka ting. Ikkje mykje, sidan vi har holdt på med så mange andre ting, men litt. Dei timane heilt for meg sjølv, ute i geitramsfeltet eller nedi blåbærbuskane, har vore magisk. Som om noko langt inni meg har våkna til live. Den sakte tida som går medan man plukkar, bær for bær, og jevnt og trutt fyller opp spannet sitt… Det gjer godt for både kropp og sjel. Det gjev meining.

Medan eg har stått der, har eg tenkt: sånn her bør livet vera mykje meir av tida. Ikkje hyperraskt 5G, ikkje tilgjengeleg kvar tid på døgret, ikkje maksimera og effektivisera kvart minutt, berre… Plukka. Eitt bær her, eitt bær der. Det tek den tida det tek. Den sakte tida.

Tanken på eit liv med meir sånn tid har vore ein av dei viktigaste motivasjonene for avgjersla om å flytta på landet. Tid til å gjera noko, å byggja, og sanka, og utrette eit dags arbeid medan tankene flyg fritt og ein vert sliten på ein god måte. Å kunne sjå konkrete og handfaste resultat etter ei arbeidsøkt. Å gjera noko med intensjon, byggja stein på stein og sjå noko utvikla seg.

Det er sjølvsagt mange andre grunnar til valet vårt. Å bidra til eit meir berekraftig matsystem, skapa eit spanande livsprosjekt, utforske nye måter å leva med dyr og driva matproduksjon på. Men minst like viktig er det å gjera eit opprør mot det moderne samfunnet. Samfunnet som seier at vi alltid har for dårleg tid og at vi alltid må produsera meir, meir meir!

Eg trur vi alle kan få det betre om vi heller lener oss litt tilbake, produserar litt mindre, men gjer alt med litt meir meining. 

Eller kva trur du?

– Mari

Nettsider på plass

Hurra, då er vi endeleg komen på plass med nettsidene til mangesysleriet!

Desse har vi spikka og flikka på dei siste vekene, og kven skulle tru at ei enkel heimeside skulle vera så mykje arbeid? Det vart jo litt meir omfattande enn planlagd sjølvsagt, etter kvart som vi arbeidde og oppdaga alle tinga vi ville ha med.

For når ein planlegg å driva eit mangesysleri (med mange forskjellige syslar altså), så er jo ingenting som er berre beint fram og enkelt. Så no har vi både ein gardsblogg, ein podcast, og undersider som etter kvart skal fyllast med alle dei ulike tinga vi har lyst til å tilby på Gjengevoll. Vi har til og med fiksa eit nyheitsbrev kor du kan få oppdateringar av og til om det som skjer her på bruket. Yikes! Det er framleis nokre kryp (bugs) og småting som trengs og fiksast på, men vi seier oss nokonlunde nøgd. 

Har du nokre tilbakemeldingar eller innspel til sida? Noko du tykkjer ikkje funkar eller noko du saknar informasjon om? Send oss gjerne ein melding på hallo@gjengevoll.no eller kommenter under 🙂  

P.S. Følg oss gjerne på Instagram @mangesysleriet, og lika sida vår Gjengevoll Mangesysleri på Facebook.

Velkomen til gardsbloggen!

Her på bloggen kjem vi til å oppdatera om stort og smått som skjer på Gjengevoll.

Vi er heilt i oppstarten og har mange planer for bruket. Det vert utruleg spanande å sjå korleis arbeidet går framover, kor mange prosjekt vi får gjennomført og kor mykje som endrar seg undervegs!

P.S. Her på bloggen kjem det stort sett til å vera Mari som skriv innlegga. På Gjengevoll er vi veldig glade i nynorsk, men ikkje spesielt drevne, så alle nynorskfantastar der ute: Ver venleg å sjå bort ifra alle skrivefeila! 🙂