Digitalt mangesyslarkurs
vinter/vår 2024
Lat 2024 vera året kor du konkretiserer draumen din om eit meiningsfullt liv på lag med naturen

Gå frå draum til handling med:
- Seks fellesmøter kvar måndag klokka 19 i tidsrommet 5. februar – 18. mars (4. mars fri).
- Ei felles oppfølgingssamtale i laupet av mai (dato vert avklart)
- Eit fellesskap med andre som går gjennom same prosess som deg sjølv
- Ein kursplattform for diskusjon og spørsmål, med tilgong til opptak av møtene
- Verktøy som hjelper deg med utvikling av eigne idear og planar i laupet av kurset
Kursavgifta er 3900,-. Ved å trykka på knappen under kjem du til produktsida kor du kjøper deg ein plass til kurset. Du kan betala med vipps eller kort.
Velkomen til digitalt grunnkurs for mangesyslarar!
Har du ein draum om eit annleis liv? Eit liv på landet, eit saktare liv, eit skapande liv i takt med naturen? Eit liv der du kan vera din eigen sjef, styra dagane sjølv og laga deg ein kvardag full av meining?
Då er dette kurset for deg.
I lag med andre likesinna som er lei av hamsterhjulets evige stress og er klare for å ta dei fyrste stega på veg mot eit liv meir i tråd med eigne verdiar, kan du no få hjelp og støtte til å konkretisera dine draumar og få kunnskapen du treng for å koma i gong.

Kva er ein mangesyslar?
Ein mangesyslar kan vera så mangt, og vi nyttar ordet i brei forstand.
Tradisjonelt sett var mangesyslaren ein sjølvbergarbonde som levde av dei ressursane som fanst på og kring garden og som kanskje tok seg litt betalt arbeid utanom.
I dag finst det like mange måtar å vera mangesyslar på som det finst menneske, og det finst ikkje éin oppskrift på korleis ein skal gå fram, for vi drøymer alle om ulike ting. Kanskje er draumen din å ha eit lite småbruk og kombinera grønsaksproduksjon med arbeid på heimekontor. Kanskje har du lyst til å starta med produksjon av varer for sal. Kanskje vil du selgja tenester eller kombinera ulike formar for lønsarbeid, men ha eit rolegare liv i landlege omgjevnadar kor du har tid til å vera i lag med dyr og natur. Kanskje vil du dyrka urter, opne bakeri og driva med utleige.
Eller kanskje veit du ikkje heilt kva du drøymer om enno, men du veit at du vil noko anna enn du gjer i dag.
Uansett kor du ligg i løypa, er dette kurset din hjelp til å få klarheit i nøyaktig kva det er DU ønskjer og kva du treng å gjera for å koma deg dit.

Kurset er lagt til seinvinteren slik at du kan nytta tida før den nye vekstsesongen går i gong for alvor til å verkeleg arbeida med å få klart for deg kva det er du har lyst til og korleis du skal få det til. Nytt februar og mars til å fylla på med inspirasjon, og gå ut i våren med ny motivasjon i bagasjen!
Fordelen med eit digitalt kurs som går over fleire veker, er at du får tid til å integrera lærdomen frå kurset og bruka god tid på å arbeida med planane dine mellom møta. Dei ulike zoom-møtene vil ha forskjellige tema, og du får god tid til å arbeida på eigen hand og reflektera for deg sjølv. På kursplattformen kan du halda kontakt med Mari, Kjetil og dei andre kursdeltakarane mellom møtene.
Er noko av dette treffande for deg?
- Du orkar ikkje lenger tanken på det vanlege 9-4-livet
- Du drøymer om eit liv på landet, men har ikkje turt å ta steget og veit ikkje korleis du gjer det
- Du har ein jobb som ikkje fyller deg med glede, og du tenkjer at det må finnast noko meir der ute
- Du har nokre tankar om korleis du vil at livet skal sjå ut, men du veit ikkje kor du skal byrja
- Du har lause planar, men manglar trua på at du skal få det til og du føler det du drøymer om er fjernt og urealistisk
- Du har allereie gard, men du har ikkje kome i gong med noko enno
- Du vil ut av hamsterhjulet og leva eit meir regenerativt liv, men du saknar eit fellesskap og folk som støtter deg
Viss svaret på nokre av desse punkta er ja, er du riktig person for dette kurset.
Kva kan du forventa av innhald?
Dette er eit generelt grunnkurs meint å støtta deg i din individuelle og unike prosess, ikkje eit spesialiseringskurs i til dømes sauehald eller hagebruk. Det betyr at du får ei overordna innføring i dei viktigaste og mest generelle tinga som er viktig å vita i oppstarten av eit småbruksbasert mangesysleri (regelverk, tips, triks og ting du bør vita), men ikkje til dømes eit grundig og praktisk retta kurs i småskala grønsaksdyrking. Du vil imidlertid få høve til å stilla spørsmål undervegs, og undervisninga vil også kunna tilpassast til ønske frå gruppa.
Mykje av undervisningstida vil gå til å arbeida med visjonar og verdibasert idéutvikling. Gjennom verktøyet Holistic management vil du jobba med å få klarheit i kva som er viktig i livet for akkurat deg og dei kring deg, og korleis kvardagen din skal sjå ut. Gjennom støtta du får, vil du byggja tru og tillit til at dine eigne draumar ikkje berre er halvsprøe luftslott, men faktisk gjennomførbare idéar. Vi kjem til jobba ein del med tankesett og identifisera barrierer som held deg igjen. Vi kjem óg til å presentera idéane våre for kvarandre, gje kvarandre innspel og tryggja kvarandre. Mykje av kurset vil difor handla om det viktige indre arbeidet som er heilt avgjerande for å lukkast på sikt.
Med andre ord er ikkje dette kurset kor du vert lova suksess gjennom ein enkel steg-for-steg-oppskrift eller lærar alt du treng å vita om ein konkret driftsmåte. Men viss du er motivert for å gjera ein innsats sjølv og du har eit opent sinn, kan kurset bli sjølve nøkkelen som bidreg til transformasjonen du har venta på.
Om kurshaldarane
Vi, Mari og Kjetil Gjengedal Austvoll driv Gjengevoll mangesysleri i Samnanger utanfor Bergen. Vi starta sjølv vår mangesyslar-reise i 2020 då vi kjøpte småbruket vårt på den opne marknaden, utan nokon praktisk landbrukserfaring, men med to tomme hender og masse idealisme og pågangsmot. Gjennom instagramkontoen @mangesysleriet og podcasten Gjengevoll Pludrecast har vi sidan byrjinga delt kvardagsglimt og refleksjonar på reisen vår frå byfolk til bønder. Mari driv også coaching- og sjølvutviklingsbedrifta Regenerativt liv, som er vertskap for den digitale kursplattforma som dette kurset vil vera på.
Etter tre år med oppbygging av drifta har vi no eit mangesysleri med økonomisk overskot. Ting er ikkje perfekt – vi jobbar framleis med å vidareutvikla og tilpassa garden og kvardagen – og vil ikkje hevda at vi er ekspertar med alle svara. Men vi har gått, og går gjennom, nett dei same prosessane du skal gjera, og vi ynskjer å dela våre erfaringer med deg slik at du kjem deg inn på den vegen som er riktig for nettopp deg.
Vi gler oss til å bli kjent med deg!
