Filosofien

Mangfald, livskvalitet og kjærleik til naturen

Vårt mål på Gjengevoll er å produsera høgkvalitets lokalmat, lokale varar og opplevingar, basert i størst mogleg grad på eigne ressurser.

Her på mangesysleriet trur vi at eit betre og meir berekraftig matsystem må byrja med oss sjølve. Verda roper etter meir lokale matsystem, og mat produsert med omsyn til jorda, naturen, dyr og menneske. 

Vi kan ikkje halde fram med å produsera slik det industrialiserte jordbruket er blitt driven dei siste tiåra. Det er liten tvil om at matproduksjonen vår, samla sett, er den mest øydeleggjande aktiviteten for dyr, miljø og økosystem som vi menneske held på med. Matjorda rundt omkring i verda vert utarma i eit forrykande tempo, vatn vert overforbrukt, ville dyr vert utradert og husdyr lever dårlege liv. Dette må vi endra på.

Gjengevoll Mangesysleri er eit bidrag til eit nytt matproduksjonssystem. Eit system kor vi erstatter lange verdikjeder med korte og transparante forsyningsnett. Kor vi veit kvar maten kjem frå og kven som har laga han. Kor ressursgrunnlaget gjev utgangspunktet for kva ein kan laga. Kor både dyr og menneske har det bra. Og kor vi set mangfald, livskvalitet og kjærleik til naturen fremst.

 

Regenerativt landbruk

Det moderne mennesket kan læra mykje av dei gamle generasjonane sine tradisjonar og kunnskap. I gamle dagar måtte ein nytta alle ressursar, vera oppfinnsam, og nøysam med det ein hadde. Ein kunne ikkje sløsa med det naturen gav. Sakte, men sikkert, gjaldt det å byggja stein på stein slik at garden kunne overtakast i betre stand av neste generasjon.

I dag er landbruket i stor grad spesialisert og volumfokusert. No har bønder gjerne éin stor flokk med sauar, eitt stort fjøs med mange mjølkekyr eller tusenvis av kyllingar i svære haller. Drifta har ofte ikkje basis i det ein har av ressurser på garden eller områda rundt, men er avhengig av importert kraftfôr, sprøytemidlar og kunstgjødsel for å tyna mest mogleg ut av produksjonen. Det fører til store problem for miljøet, med store klimagassutslipp, mykje transport, utarming av matjorda, dyr som ikkje har det bra, og lange verdikjeder kor ein ikkje veit kor maten kjem ifrå. Det vil vi på Gjengevoll gjera opprør mot.

Når jorda og økosystema allereie er utarma, er det ikkje nok å berre driva berekraftig. Vi er nøydd å byggja opp att, og freista å reparera noko av den skaden som er gjort. Difor ynskjer vi på Gjengevoll Mangesysleri å driva regenerativt landbruk. Når vi ser at vi byggjer opp jordsmonn, gjer naturmangfaldet rikare, og at dyr og folk trivst, då veit vi at vi gjer det riktig.