Grønsaksabonnement 2023

No kan du bestilla grønsaksabonnement for 2023!

Kjapt om abonnementet:

  • 10 utleveringar i perioda 28. juni-1. november
  • Du får eit stort utval av heilt ferske, lokale og økologiske grønsaker i sesong dyrka
  • Utlevering annankvar onsdag kl 16.30-16.45 på Bjørkheim i Samnanger, på pick-up-point (stad kjem) eller på døra (mot leveringstillegg).
  • Moglegheit for å bestilla ekstra varer frå garden i forkant av kvar bestilling
  • Tips for bruk og oppskrifter med kvar pose
  • Moglegheit for fast eggeabonnement som tillegg
  • Vel mellom miniabonnement (1-2 pers) og familieabonnement
  • Gardsbesøk med omvisning i hagen er inkludert

Om dyrkeåret 2023

På Gjengevoll Mangesysleri har vi ein marknadshage der vi dyrkar eit mangfaldig utval grønsaker, urter, bær og blomar. Vi dyrkar etter regenerative prinsipp, og frå 2023 er vi økologisk sertifisert. Alt vert gjort med handmakt, utan traktor eller fossilkrevjande maskinar. 

2023 vert det andre året vi tilbyr grønsaksabonnement for våre lokale kundar som ynskjer å abonnera på ferske, sunne og kortreiste grønsaker frå “fastbonden” sin.

Som abonnent er du med på å støtta opp under lokalt dyrka mat, og du vil ha moglegheit til å knytta eit nært bånd til det du et. Du vil vita kven som lagar maten din, og du kan følgja grønsakene frå jord til bord. Du får høve til å læra meir om dei ulike vekstene og deira livslaup. Kanskje vert du også utfordra til å læra å bruka nokre nye grønsaker du ikkje er vand med. 

I god tid før fyrste utlevering vert alle abonnenter invitert til eit felles gardsbesøk og får høve til å sjå sjølv korleis hagen ser ut.

Hagen under utvikling i 2022

Kva kan du forventa deg?
Det å dyrka grønsaker i vestlandssommaren er ein risikosport der ein aldri heilt veit kva som vil skje, noko som  sjølvsagt gjer det heile litt ekstra spanande! Som abonnent deler du på risikoen med oss som bønder og får vera med på produksjon av mat som er så nær naturen og elementa som ein kan koma.

Å handla lokalproduserte grønsaker er ikkje det same som å handla i butikken. I butikken har du tilgang på alle basisgrønsakene som potet og lauk (og importerte varer som avocado og tomat) heile året. Som abonnent får du derimot ei unik moglegheit til å eta i takt med den naturlege vestlandske sesongen og få levert akkurat det som er modent akkurat her og no, noko som kanskje kan inspirera deg til å tenkja litt meir kreativt og læra meir om sesongvariasjonar.

Det betyr at du ikkje får kepalauk i kvar pose, for dei er ikkje modne før i august. Men du får kanskje graslauk og luftlauk i byrjinga av sesongen, deretter vårlauk og deretter raud og gul lauk til slutt.  Poteter får du kanskje heller ikkje før i august, og dei seine rotgrønsakene og store kålene får du ikkje før dei siste utleveringane, medan juni og juli pregast av tidlege grønsaker som salat, reddik, urtar, tidlegkål og liknande. 

Som abonnent kan du forventa å få eit stort utval av forskjellige grønsaker gjennom sesongen, men ingen utlevering vil vera heilt lik. Difor kan vi heller ikkje garantera å dekka 100% av grønsaksbehovet ditt, sidan du kanskje er vand med å eta nokre faste typar grønsaker kvar einaste veke. Men du kan forventa å få dekt ein stor del av det du treng.

Mengd og vekt vil variera noko gjennom sesongen, sidan dei fleste tunge grønsaker brukar lang til på å utvikla seg. September er høgsesong, og  frå denne perioda vil posene vera tyngre og meir innhaldsrike. Lettare poser tidlegare i sesongen vert altså kompensert med tyngre poser seinare i sesongen, og prisen du betaler reflekterer gjennomsnittet.

Alle grønsakene vert dyrka med handmakt, og du kan vera trygg på at det ikkje er nytta kunstgjødsel og sprøytemidlar i drifta. Grønsakene vil vera hausta same dag eller dagen før, og vil dermed ha ein kvalitet som er heilt forskjellig frå det du er vand med i butikken. Du vil også sjå andre storleiker og fasonger enn du er vand med.

Du får ei oversikt over innhaldet og oppskrifter/tips til bruk saman med kvar utlevering. Før kvar utlevering får du også høve til å tinga andre varer, som egg eller kjøt, frå garden.

 

Spirande potet og kål i plantefeltet "Kina"

Prisar og betaling

Miniabonnement: 5 900,- 
Familieabonnement: 8 900,- 
Heimlevering på døra: 120,- per gong/1200,- for heile sesongen
Valfritt tilleggsabonnement på egg: 48,- per pakke (be om ønska mengd ved påmelding)

Abonnementet inkluderer 10 utleveringer over 20 veker som gjev ein  gjennomsnittleg vekespris på høvesvis 295 og 445 kroner. Prisen du betaler, dekker arbeidet med dyrking gjennom heile sesongen, tida vi bruker på å hausta, pakka og transportera grønsakene, samt administrasjon, planlegging og oppbygging av hagen. Det er ikkje krav om at du deltek på dugnadar, noko som skil dette abonnementet frå det som er vanleg i andelslandbruk.

Betalinga vert delt i to delar (for miniabonnement) eller tre delar  (for familieabonnement): Ei ved bestilling, ei ved oppstart (familie) og ei ved slutten av utleveringsperioda. Om du vert nøydd til å hoppa over ei utlevering, vil prisen for denne verta trukket frå på siste delbetaling.

Om du vil ha heimlevering kvar gong, kan du bestilla det saman med abonnementet. Enkeltvise heimleveringar kan du bestilla same veke (sjå under). 

Kva anna kan du bestilla?
Du kan velja å bestilla andre varer frå garden saman med grønsakene. I forkant av kvar utlevering får du ei påminning på epost med ei lenkje til butikken vår der du som abonnent får eksklusiv tilgong til å handla det vi til ein kvar tid har på lager. Det kan vera til dømes lefser, sauekjøt, grisekjøt, honning, foredla hagevarer (som urtesalt, sylteagurk etc) eller varer basert på ville vekster. 

Ekstra pakker med egg eller enkeltvise heimleveringer kjøper du også i nettbutikken. Alt av tilleggsvarer du handlar i butikken betaler du enkelt for med éin gong via vipps eller kort (det inngår ikkje i faktureringa for abonnementet).

Innhaldet i ei familiepose i oktober 2022. Her ser du hovudkål, kålrot, beter, persille, persillerot, romanesco, brokkoli, pastinakk, mangold, gulrøter og grønkål.

Andre spørsmål
Må eg betala for alle posene, eller kan eg avbestilla nokon om eg til dømes er på ferie?

Svar: Du kan avbestilla poser i forkant av utleveringa om du ikkje har høve til å henta. Prisen for posen vert då trekt ifrå på siste delbetaling. Men sidan vi vil ha ein så forutsigbar dyrkesesong som mogleg, oppmodar vi til at du heller får nokon til å henta posen for deg om mogleg. Hugs at du også kan gi han bort til nokon 🙂

Eg likar ikkje kål/potet/x grønsak. Kan eg be om å slippe å få dette i min pose?

Svar: Nei, det kan du diverre ikkje. Årsaka til det er at det vert for mykje meirarbeid for oss om vi skal laga spesialtilpassa poser til kvar kunde, og då måtte prisen har vorte dyrare. Vi anbefaler at du gjev bort grønsaken til nokon som vil setja pris på han om du verkeleg ikkje vil ha han sjølv.

Kva om det vert eit dårleg dyrkeår?

Svar: Ja, avlingene varierer ut ifrå korleis veret er. 2022 var eit skikkeleg dårleg år med konstant regn og 12 grader stort sett gjennom heile sesongen. I dei tilfella er det fleire grønsaker som ikkje vert så bra som vi håpar. Som abonnent kan du likevel vera trygg på at om vi får ein dårleg sommar, så vil vi alltid prioritera deg som abonnent framfor andre kundar, og gjera det vi kan for å fylla posene. Og sidan vi dyrkar såpass mangfaldig, er det også alltid noko som greier seg bra sjølv om absolutt alt skal gå gale.

Kvifor berre utlevering i Samnanger?

Svar: Fordi vi ynskjer å prioritera lokalmiljøet vårt, og ynskjer å begrensa antal lange køyreturar. Ein lengre tur, t.d. til Bergen, inneber fleire timer ekstra køyring og utgifter for oss som vil føra til at prisen på abonnementet vert høgare. Om du bur i eller rundt Bergen og ynskjer å handla frå oss (anten det er grønsaker eller andre varer), kan du skriva deg opp på Mangesysleriets mjølkerute, der du får høve til å handla det du vil annakvar onsdag og vi køyrer heim til døra di.

Kvifor må eg betala i større delbetalinger i staden for å betala kvar veke?

Svar: Dess fleire betalingar vi må administrera, dess meir arbeid vert det. Dessutan gjev det ein ekstra forsikring for oss og ein ekstra forplikting for abonnentane om at posane vert henta når dei allereie er betalt for. For vår del gjev forskotsbetaling ekstra likviditet til å gjera naudsynte innkjøp. 

Kan eg abonnera på egg også?

Svar: Ja, det kan du. I bestillinga kan du velja eggeabonnement i tillegg, og kor mange egg du vil ha kvar gong.

Har du lyst til å bli abonnent?