Velkomen til haustkonsert på Gjengevoll Mangesysleri!
Vi har gleda av å invitera til ein stemningsfull kveld med lun jazz på verandaen vår der Trio 33 diskar opp med eit herleg repertoar frå “den store amerikanske songboka”.
Trioen består av vokalist Helena Wilde, gitarist Erik Wilberg og kontrabassist Rolf Prestø, som alle er garva musikarar med lang erfaring frå ulike jazzscenar i Bergen. Dei speler jamnleg på hotel Moxy med særs gode omtalar, og som leiaren for ein jazzklubb sa: “Helena må berre opplevast!”. Det er heilt sant.
Du kan venta deg ein kveld med kjent og kjære standardlåter som Summertime, Georgia on my mind, Night and day og Black coffee, men óg innslag av nyare stoff. Alle låtene vert tolka på meisterleg vis i trioen sin eigen musikalske språkdrakt.
Å koma til oss på konsert er ei unik oppleving. Gjengevoll Mangesysleri er eit småbruk i Samnanger som ligg særs skjerma til og som har ei heilt spesiell atmosfære. Vi set på varmelampene og skrur på lysa på vår overbygde veranda, og om du kjem tidleg kan du ta deg ein tur i marknadshagen vår. Er vêret fint, spaserer hønsa på tunet og bjellene til sauene kan høyrast i bakkane.
Kom og nyt ein omfavnande musikkoppleving og få deg ein kveld du seint vil gløyma!
P.S. Viss du vil ta ein heilaften og bli verande til dagen etter, kan du tinga overnatting i vårt nydelege glampingtelt.