Mangesysleriets mjølkerute

Få varer frå mangesysleriet
rett heim på døra!

Mangesysleriet har vår eigen mjølkerute der vi annakvar veke pakkar bilen og køyrer gjennom Samnanger til Bergen by med varene du har lyst på. 

Varene bestillar du enkelt frå oss via vår eigen mjølkerute-nettbutikk. Viss du ligg langs mjølkeruta, får du dei levert heim på døra.

Slik fungerer det:

  • Du meldar deg på lista via skjemaet under. Påmelding er heilt uforpliktande og du kan melda deg av kva tid som helst.
  • I forkant av kvar utlevering får du ein epost med info om varene som er tilgjengeleg.
  • Du bestiller og betaler for det du vil ha innan fristen.
  • Vi leverer heim til deg annakvar tirsdag i oddetalsveker, eller møter deg på avtalt stad.

Meld deg på mjølkerutelista her:

Bur du ikkje langs dagens rute?

Då kan du melda din interesse ved å fylla ut dette skjemaet. Om det finst fleire kundar i ditt område, kan det vera vi kan leggja om ruta.


Velkomen som mjølkerutekunde! 🙂