Om Gjengevoll Mangesysleri
Eit ekte mangesysleri
Gjengevoll Mangesysleri held til på Guleiksgarden i Tysse, i Samnanger kommune utenfor Bergen. Garden er eit typisk lite, vestlandsk småbruk på om lag hundre mål, som ligg inst i en varm og sørvendt dal litt oppe i fjellsida. På garden er det ein god del innmark og overflatedyrka mark, ein grønsakshage, litt skog og eit tun. Og mange moglegheiter, tykkjer vi.
Gjengevoll er, forutan å vera eit namn sett saman av etternamna til eigarane, Mari Gjengedal og Kjetil Austvoll, eit symbol på kva vi ynskjer at staden skal vera: ein stad kor folk har lyst til å gå til. Ein plass å samlast på.
At det er eit mangesysleri tyder at vi ynskjer at det skal vera ein plass for mange forskjellige sysler. Som moderne jordbrukarar, med føtene godt planta i tradisjonell kunnskap og lærdom, let vi oss inspirera av det tradisjonelle norske mangesysleriet kor folk på landet ofte dreiv med fleire forskjellige verksemder i kombinasjon med matproduksjon. Det kunne vera sesongarbeid, sagbruks- eller bergverksjobb, handverkstenester eller andre attåtnæringar. På Vestlandet var fiskarbonden vanleg.
Mangesysleriet var naudsynt for å overleva og få mat på bordet i gamle dagar, når ein hadde lite jord og lite inntekt. Det gjaldt å sjå dei moglegheitene som fanst og nytta ressursene ein hadde. Sjølv om vi i dag ikkje har i nærleiken av like vanskelege liv, tykkjer vi det er mykje visdom å henta i det å gjera det beste ut av det ein har, og prøva å skapa noko ut av det.
Her kan du lesa meir om:
