Dyra
Dyra
Vi starta opp drifta i august 2020, og det tek tid å byggja seg opp til å verta eit ekte mangesysleri, men sakte og sikkert kjem det fleire dyr hit. Denne sida vert oppdatert etter kvart som vi kjem i gong med ulike produksjonar.
Uansett produksjonsform vil krava vi stiller til dyrehaldet alltid vera dei same: At dyra får lov til å leva mest mogleg i tråd med sine naturlege føresetnader, at dei i størst mogleg grad skal nyttiggjera seg lokale ressurser, og at dei skal få eit så godt liv som mogleg fram til den dagen dei vert mat for oss. Vi har også mål om at dyrehaldet skal inngå i ein heilskapleg regenerativ drift, og at vi bidreg til å bevara gamle og lokale raser i den grad det er mogleg.

Gamalnorsk spæl

Hjartet av garden vår er den vetle flokken med gamalnorsk spælsau. Vi har no ti dyr (åtte søyer og to verar) som er ute og beitar på bøen stort sett heile året. Våren 2021 kjem dei fyrste lamma på garden.
Gammalnorsk spælsau er ein etterkommar av den gammalnorske sauen (villsauen), og er ein av dei eldste rasane vi har i Noreg. Han er lettbygd, robust og godt tilpassa det vestlandske landskapet, men litt større og meir heimekjær enn villsauen. Rasen bidreg til vårt særeigne kulturlandskap, og ulla frå gammalnorsk spælsau har fantastisk god kvalitet.
Sauane på Gjengevoll er nysgjerrige og glad i å finna på fantestreker. Dei kjem i ulike fargar, og er stort sett kolla (utan horn). Dei får minimalt med kraftfôr, og finn nesten alt av fôret sitt på beite. I tillegg vert dei handmata med litt brød og frukt.
Vi har fokus på å auka flokken framover. Det vert sauekjøt til sals frå hausten 2021.
Vi har ein liten flokk med islandshøns på nesten 30 individ. Islandshøns er ein gammal rase som er i slekt med jærhøna. Dagens rase er etterkommarar av hønsa som vikingane tok med seg frå Noreg då dei drog til Island. No er rasen komen tilbake til Noreg, og det er mange som byrjar å få augo opp for denne lette rasen med mykje instinkt.
Hjå oss får hønsa gå fritt saman i flokk, og vi har i dag 3 hanar. Vi ynskjer å utvida flokken slik at vi får fleire egg og etter kvart også kjøt. Vi har islandshøns fordi dei er gode rugarar og er flinke til å finna mat i naturen. Sidan vi ynskjer å utvida flokken på naturleg måte, er det viktig at vi har høner som kan ruga fram og ta vara på kyllingane sine.
Høns som får gå ute og beite, vert sunnare dyr med mer mosjon og meir variert kost. Egga vert påvirka av dette, og egg frå beitehøns har mellom anna mykje høgare innhald av omega 3 og vitamin. For vår del gjer hønsa ein viktig jobb med å gjødsle jorda og eta snyltarar og insekt som vi ikkje vil ha. Etter kvart har vi difor planar om å integrera hønsa i ein heilskapleg beitedrift saman med drøvtyggarar på bøen på Gjengevoll.
Islandshøns


Dølagris
Våren 2021 starta vi vår eigen griseflokk på Gjengevoll. Vi har valt å satsa på den gamle norske dølagrisrasen, ein robust og saktevaksande rase godt tilpassa dei norske førehalda. Vi har to purker vi skal avla på som er ein blanding av dølagris og ullgris. Etter kvart blander vi inn meir og meir døl.
Grisane er heilårs utegrisar. Dei har tilgang til ly og halm i hytta si på beite, men kan elles gå ute så mykje dei vil. Det er viktig for oss at grisane får leva ut sine naturlege behov for å leika og rota i jorda. Dei får difor romslege areal til å røra seg på, og vi nyttar dei som jordbearbeidarar for å klargjera og pløya nye områder til planting og såing. Heilt fossilfritt!
Fôret til grisane består av det dei finn ute på beita og ein god dose frukt og grønsaker i tillegg til økologisk kraftfôr.
Gardshunden Linus
Gardshunden heiter Linus og er av rasen kooiker. Han trivst veldig godt med å bu på gard og kunna springa rundt som han vil – ein stor forbetring frå bylivet!
Linus er ein litt nervøs og bekymra kar som fort vert usikker på både dyr og menneske. Om du kjem på besøk til gards, kan det godt vera han bjeffer. Då er det best å ignorera han og la han roa seg ned. Ikkje press deg på, men la han bestemma sjølv om han vil hilsa på.


Gardskatta Muskat
Katta heiter Muskat og er sjefen i huset. Så har ho også ein av dei viktigaste jobbane på garden, nemlig å ha kontroll på smågnagarane. Muskat var innekatt før ho kom til oss, men no har ho vorte ein skikkeleg utekatt og funne sitt rette element!
Muskat er veldig glad i å nyta livet og verta kosa på. Men når natta kjem og vi andre går og legg oss, byrjar arbeidsdagen hennar.