Folka

Husfolket på Gjengevoll Mangesysleri

Husfolket på Gjengevoll heiter Kjetil og Mari Gjengedal Austvoll.

Kjetil kjem frå Stavanger, er utdanna industridesignar og har bakgrunn som mellom anna lys- og sceneteknikar og lærar. Han er ein glad kar som likar både folk og sauar. Han er òg skikkelig flink til å fiksa, byggja og finna kreative løysingar i ei knipe.

Mari er oppvaksen på Askøy og er utdanna samfunnsgeograf. Ho har jobba mykje innanfor organisasjonslivet, særleg i organisasjonar knytt til landbruk og miljø. Ho set pris på godt kommunikasjonshandverk, rekneskap i balanse, og å mobilisera folk til å gjera verda betre.

Mari og Kjetil hadde lenge kjent på draumen om eit liv på gard, med meir praktisk arbeid, meir jord under nevane, meir livskvalitet og ikkje minst eit liv kor dei kunne gjera noko heilt konkret for ein meir berekraftig verd. Våren 2020 kjøpte dei Guleiksgarden i Samnanger og starta Gjengevoll Mangesysleri.