Vil du vitja oss?
Vi held til på Tveit, ei lita bygd opp i høgda over Tysse.
Køyrer du bil, følgjer du fylkesveg 7 og tek av på avkøyringen mot Kvitingen (fylkesveg 134). Om du køyrer frå Bergen mot Norheimsund, ligg han på venstre sida av vegen etter tunellen og avkøyringen til Tysse (du ser røra til Frøland kraftverk oppi fjellsida).
Følg vegen eit par kilometer, og ta til venstre i den krappe svingen som skiltar til idrettsplassen. Deretter tek du til høgre og følg grusvegen heeeilt til enden!
Har du ikkje bil, går der buss med jamne mellomrom. Busstoppet heiter då "Frøland kyss Kvitingen".
P.S. Om du vil ta turen, kan det vera lurt å ringa på førehand 🙂