Endeleg er årets honning her! For oss er det lite som slår kjensla av å tappa årets honning på glas – for ei rikdom!
Den våte sommaren ga eit magert, men velsmakande honningutbyte i år. Honningen er ein blanding av sommar- og lynghonning, og er ein ganske flytande og floral honning frå bier som har drukke nektar frå dei mangfaldige blomsterengene på Gjengevoll. Han passar både i te og på skiva.
Honningen er kaldslynga og urørt. Krystallisering kan skje, og er ein heilt naturleg prosess som ikkje har noko å sei for kvaliteten. Om du ikkje liker krystaller i honningen, kan du leggja glaset i varmt vatnbad så krystallene smeltar.
Innhald: 100% rein honning frå Gjengevoll. 125 g.