Vi veit sjølv kor vanskeleg det er å få tak i hundesnacks av god kvalitet, utan tilsetningar og ultraprosessert fyllstoff, og ikkje minst laga av dyr ein veit har hatt det bra. Desse godbitane er laga av 100% reinskora svinekjøt frå våre eigne frittgåande utegrisar, og ingenting anna. Dei er skore for hand i små bitar og tørka. Ein skikkelig favoritt blant vovsene!
Storleik: Ca 80 gram (opphaveleg kjøtråvare ca 300 gram).