Saft

kr 140,00

Varenummer: I/A Kategori:

God, gammeldags saft nett slik ho skal vera ❤️ Her har vi fleire ulike variantar, men alle er laga på usprøyta hagebær og ville bær, og framgangsmåten er lik: Bæra er dampa og deretter tilsatt om lag 350 gram sukker per liter saft.

Heimelaga saft passar perfekt attmed risengrynsgrauten, i eit høgt glas med isbitar på ein varm dag, eller oppvarma som toddy ein ruskete vinterkveld.

Innhald: Dampa bær, sukker.
Storleik: 500 ml.

Variant

Solbærsaft, Ripssaft med bringebær og blåbær, Ripssaft med aronia, Plommesaft med rips og bringebær, Hyllebærsaft med plomme, Bringebærsaft med plomme og aronia, God blanding (rips, solbær, kirsebær og blåbær)