Skinkesteiken kjem i forskjellige størrelser, og er utbeina kjøtstykker frå skinka til grisen. Svinesteiker kan ein steika i omn som eit heilt stykke (hugs å ruta svoren på toppen), men ein kan også skjera kjøtet i mindre bitar eller skiver og tilberede som ein vil. Eignar seg svært godt til marinering, og er mørt nok til å også steikast på høgare varme og kortare tid i panne.
Kjøtet kjem frå 10 månadar gamle grisar som har levd eit godt og leikent liv ute på beite på bøen på Gjengevoll. Grisane har fått vaksa sakte og brukt musklane på ein naturleg måte. Det gjev kjøtet ein god marmorering og ekstra mykje smak.
320,- pr. kg.
Produktet kjem frose.