Produkta våre

Lokal mat på lokale ressurser

Vi sel ulike lokalmatprodukt som er tilvirka på garden. Førebels har vi produksjon av heimebaka lefser og lapper, egg frå islandshøns og kjøt av utegris. I laupet av året 2021 vert det óg mogleg å kjøpa fleire ulike grøntvarer frå vår komande marknadshage og frå villsanka vekster. Til hausten skal vi slakta dei fyrste sauane våre og sanka vår fyrste honning. Produkta vi har er handlaga i liten skala og varierer etter sesong. Scroll ned for å sjå litt av vareutvalet.

REKO-ringane rundt Bergen er vår primære salskanal. Vi sel stort sett fast på følgande ringer:

  • Bergen Sentrum
  • Åsane
  • Fana
  • Fyllingsdalen
  • Samnanger
  • Eikelandsosen

Du tingar varer ved å søkja opp din lokale REKO-ring-gruppe på Facebook. Der legg vi ut annonser før kvar utlevering, og så tingar du det du vil ha.

Ta kontakt med oss om du vil kjøpa rett fra garden eller ynskjer å kjøpa noko utanom REKO.

Om du har lyst til å få beskjed når vi har nye varer, så meld deg gjerne på nyheitsbrevet vårt. Følg oss også gjerne i sosiale media:

Vi har no opna for sal av den første runda med utegris frå Gjengevoll! 
Dei slaktast før jul, og vi sel dei i kvarte storleiker.

Kjøtet kostar 185 kr per kilo. Vi rekner med at ein kvart gris kjem på mellom 15 og 18 kilo. Dette kan verta mykje kjøt på ein husstand om du ikkje har god frysarplass. I så tilfelle anbefaler vi å gå saman med ein eller to andre om bestillinga. 

Vi leverer kjøtet på avtalt hentepunkt før jul, anten i Bergen, Samnanger eller Bjørnafjorden (Fusa). 

Les meir om grisene og bestillinga her.
Har du spørsmål kan du senda ein epost til hallo@gjengevoll.no

Og om du er klar for å bestilla, så klikk på knappen under 🙂

Glad julegris

Bjørkeessens og bjørkesevje er eksklusive naturprodukt som er sanka og tilvirka på garden, og som vi berre lagar nokre få veker i året.

I gamle dagar var bjørkesevja viktig helsetilskot etter ein lang vinter. Ho kunne berre sankast i tida frå tela sprang og til knoppane skaut på bjørka. Sevja er rik på mineral, vitamin og antioksidanter, og er difor ein super energidrikk. Ho smaker stort sett av vatn med eit hint av mineraler og ein søtleg ettersmak.

Av sevja koker vi bjørkeessens, og dette er edle droper. Ei desiliter med essens er laga på femti gonger så mykje sejve! Essensen er relativt tyntflytande og mild, utan den karakteristiske brentsmaken ein ofte forbind med anna sirup. 

Bjørkeessens og bjørkesevje

egg frå islandshøns

Vi driv småskala produksjon av egg frå ein liten flokk med islanshøns, også kalt vikinghøns, på nesten 40 individ. Du kan lesa meir om rasen og dyrehaldet her.  Egga er fast vare på våre REKO-utleveringar.

Seks egg kostar 45 kroner. Fordi hønsa har forskjellig alder, varierer egga litt i storleik.

Vi legg opp til å la hønsa få gå på beite i sesong, og vera mest mogleg ute. Høns som får gå ute og beite, vert sunnare dyr med mer mosjon og meir variert kost. Egga vert påvirka av dette, og egg frå beitehøns har mellom anna mykje høgare innhald av omega 3 og vitamin.

 

Ferskfrosne hardangerlefser og rykende ferske bestalapper er óg på den faste inventarlista. 

 Hardangerlefsene med kling er tradisjon frå Nordfjord og inspirert av oppskrifta til Mari si bestemor. Bestalappene er etter oppskrift frå Kjetil si besta på Austvoll utanfor Stavanger.

Hardangerlefser og bestalapper