Grønsaksabonnement 2022

No opnar vi for bestilling av grønsaksabonnement 2022!

Kjapt om abonnementet:

  • 10 utleveringar i perioda 15. juni-19. oktober
  • Du får eit stort utval av heilt ferske, lokale grønsaker i sesong dyrka utan kunstgjødsel og sprøytemidlar
  • Utlevering annakvar onsdag kl 16.30-17.00 på Bjørkheim i Samnanger
  • Moglegheit for heimlevering på døra (i Samnanger)
  • Moglegheit for å bestilla ekstra varer frå garden i forkant av kvar bestilling
  • Tips for bruk, oppskrifter og gardsbesøk med omvisning i marknadshagen er inkludert
  • Vel mellom miniabonnement (1-2 pers) og familieabonnement
  • Som pilotabonnent får du 10% rabatt på abonnementet i 2022 (600 kroner avslag for miniabonnement og 900 kroner avslag for familieabonnement)

Om dyrkeåret 2022

I fjor starta vi å anleggja ein grønsakshage på Gjengevoll Mangesysleri, og no i 2022 testar vi ut grønsaksabonnement. Vi opnar for 15 abonnentar som ynskjer å abonnera på lokale, sunne og kortreiste grønsaker frå sin lokale bonde.

Vi opnar for eit begrensa tal abonnentar fordi vi er nye dyrkarar som testar ut dette for fyrste gong, og vi ynskjer å vera sikre på at vi kan gi eit bra tilbod av kvalitetsgrønsaker. Sidan dette er eit test-år og abonnentane deler på risikoen saman med oss, får alle abonnentar 10% rabatt i 2022. Vi vil også at du som abonnent gjev oss tilbakemeldingar undervegs og i etterkant av perioda slik at vi kan læra og tilpassa produksjonen til 2023.

Kva kan du forventa deg?
Som abonnent kan du forventa å få eit stort utval av forskjellige grønsaker gjennom sesongen. Vi planlegg å dyrka om lag 50 forskjellige grønsaker og urtar, og endå fleire sortar. Vi føreheld oss til naturlege prosesser, noko som inneber at det ikkje er sikkert at alt kjem til å vera like vellukka, men du kan uansett forventa ein god blanding.

Mengda du får utdelt er ikkje meint å dekka heile forbruket av grønsaker, men ein stor del. Sidan vi dyrkar etter sesong, må du vera budd på at utvalet og mengda varierer. I starten av sesongen vil det vera mest lette tidleggrønsaker som salat, spinat og reddik. Etter kvart vil det koma meir variasjon med kål, bønner, erter, lauk og anna. Omkring september er høgsesong, og i denne perioda vil posane vera tyngre og meir innhaldsrike. Dette er hovudsesong for agurk, tomat, squash, potet og rotvekster.

Alle grønsakene vert dyrka med handmakt, og du kan vera trygg på at det ikkje er nytta kunstgjødsel og sprøytemidlar i drifta. Grønsakene vil vera hausta same dag eller dagen før, og vil dermed ha ein kvalitet som er heilt forskjellig frå det du er vand med i butikken. Du vil også sjå andre storleiker og fasonger enn du er vand med.
Som abonnent er du med på å støtta opp under lokalt dyrka mat, og du vil ha moglegheit til å knytta eit nært bånd til det du et. Du vil vita kven som lagar maten din, og du kan følgja grønsakene frå jord til bord. Du får høve til å læra meir om dei ulike vekstene og deira livslaup. Kanskje vert du også utfordra til å læra å bruka nokre nye grønsaker du ikkje er vand med. Når vekstsesongen er godt i gong, vert alle abonnenter invitert til eit gardsbesøk for å sjå korleis hagen vert drifta.

Prisar og betaling

Miniabonnement: 5 400,- (ord. pris 6000)
Familieabonnement: 8 100,- (ord. pris 9000)

For ein utleveringsperiode på 20 veker vert dette ein gjennomsnittleg vekespris på høvesvis 270 og 405 kroner.

Betaling skjer i to delar, ein i forkant og ein i etterkant av utleveringsperioda. Om du av ulike grunnar vert nøydd til å hoppa over nokre utleveringar, vil prisen for desse verta tukket frå i siste delbetaling.

Heimlevering på døra kostar 90,- i tillegg. Om du vil ha heimlevering kvar gong, kan du bestilla det saman med abonnementet. Enkeltvise heimleveringar kan du bestilla same veke.

Kva anna kan du bestilla?
Du kan velja å bestilla andre varer frå garden saman med grønsakene. I forkant av kvar utlevering sender vi ut informasjon om kva du kan tinga. Dette kan vera til dømes sauekjøt, grisekjøt, honning, foredla hagevarer (som urtesalt, sylteagurk, tørka tomat etc) eller varer basert på ville vekster.

I motsetnad til sjølve grønsaksabonnementet, betaler du for desse varene når du kjøper dei (t.d. via Vipps).

MERK: Om du vil tinga EGG, må du leggja inn ei bestilling på dette saman med abonnementet for fast levering kvar gong. Det vil ikkje vera høve til å kjøpa egg i laussal for kvar veke. Dette fordi vi har stor etterspurnad etter egg og difor er nøydd til å leggja av egg god tid i forkant.

Andre spørsmål
Må eg betala for alle posane, eller kan eg avbestilla nokon om eg til dømes er på ferie?

Svar: Du kan avbestilla poser i forkant av utleveringa om du ikkje har høve til å henta. Prisen for posen vert då trekt ifrå på siste delbetaling. Men sidan vi vil ha ein så forutsigbar dyrkesesong som mogleg, oppmodar vi til at du heller får nokon til å henta posen for deg om mogleg. Hugs at du også kan gi han bort til nokon 🙂

Eg likar ikkje kål/potet/x grønsak. Kan eg be om å slippe å få dette i min pose?

Svar: Nei, det kan du diverre ikkje. Årsaka til det er at det vert for mykje meirarbeid for oss om vi skal laga spesialtilpassa poser til kvar kunde, og då måtte prisen har vorte dyrare. Vi anbefaler at du gjev bort grønsaken til nokon som vil setja pris på han om du verkeleg ikkje vil ha han sjølv.

Kvifor berre utlevering i Samnanger?

Svar: Dette er fordi vi har begrensa plassar og ynskjer å prioritera lokalmiljøet vårt. Vi vil at så mykje av maten som mogleg skal omsetjast så lokalt som mogleg. I tillegg må vi ha ein rasjonell drift om han skal vera berekraftig. Ein lengre tur, t.d. til Bergen, inneber fleire timer ekstra køyring og utgifter for oss som vil føra til at prisen på abonnementet ikkje lenger er forsvarleg. Om du bur i t.d. Bergen og ynskjer å handla frå oss, vil vi framleis selja både grønsaker og andre varer på REKO.

Kvifor må eg betala alt i to omganger i staden for å betala betala kvar veke?

Svar: Av same grunn som i svara over: Dess fleire betalingar vi må administrera, dess meir arbeid vert det. Dessutan gjev det ein ekstra forsikring for oss og ein ekstra forplikting for abonnentane om at posane vert henta når dei allereie er betalt for. For vår del gjev forskotsbetaling ekstra likviditet til å gjera naudsynte innkjøp til dyrkinga. Mange føretrekk å betala kvar veke, men her må vi finna balansen mellom kva som er ønskjeleg for kunden og kva som er mogleg for oss.

Kan eg abonnera på egg også?

Svar: Ja, det kan du. I bestillinga kan du velja eggeabonnement i tillegg, og kor mange egg du vil ha kvar gong.

Har du lyst til å bli abonnent?