Vi har arbeida på spreng dei siste månadane med å få hagen klar for ein ny sesong. I år skal vi dyrka på om lag dobbelt så stort areal som i fjor, og vi er veldig spente på den nye grønsaksabonnementsordninga vi testar ut. Om litt under to veker skal dei lokale samningane som har meldt seg som abonnentar, få utlevert sin første grønsakslevering. Som abonnentar får dei heilt ferske grønsaker fram til oktober.
Vi kjem etter kvart til å få meir grønsaker enn abonnentane treng, så dei vil vi selja ferske via m.a. mjølkeruta. Noko vil vi også foredla slik at du også i år kan kjøpa deilig chilimarmelade, sylteagurk og andre godsaker frå hagen.
I motsetnad til i fjor, har årets dyrkesesong starta vått og kaldt. I fjor var det ein brutal tørke i starten av sesongen som gjorde at vi brukte fleire timer kvar dag på å vatna. Vi har ikkje lidd under mangel på vatn i år. Men vi merker at sniglane og anna som likar å eta planter, har betre vekstvilkår, så mai har vore litt ekstra røff for småplantene. Vi vonar det vert betre og kryssar fingrane for ein god avling av mange ulike grønsaker.
Vi dyrkar om lag 120 (!) forskjellige sortar, mellom anna 8 ulike gulrøter, 10 ulike tomatar, tre sortar potet og massevis av forskjellige kålvekster.