Spanande ting skjer!

Vi skriv endeleg juni, og plutseleg er sommaren her! 

Sjølv om det har vore ganske stilt frå oss dei siste månadane, har vi ikkje låge på latsida. Vi har budd oss på ein ny sesong, og no er det rett før alt brakar laus.

Hagen er i stadig oppbygging, og vi er spent på å levera ut grønsaker til våre fyrste abonnentar denne sesongen. Vi planlegg også ein heilt ny salskanal: Mangesysleriets mjølkerute! Meir om det nedanfor. 

I tillegg skal vi slakta alle grisane våre i sommar. Det vel vi å gjera slik at vi får meir tid til å fokusera på andre ting. Det betyr at nett no har du moglegheit til å førehandstinga kjøt frå våre glade utegrisar for det som kanskje vert siste gong på ein god stund.

Les meir om tinging av grisekjøt her.

Nyheit: Mangesysleriets mjølkerute

Fram til no har vi hovudsakeleg brukt REKO som hovudsalskanal, men vi ynskjer å byggja endå betre kontakt med deg som kunde og gjera det enklare å handla. Difor lanserer vi no vår eigen mjølkerute.

Som kunde på mjølkeruta får du ein epost annakvar veke med informasjon om kva du kan handla. Du legg enkelt inn bestilling og betaler, og vi kjem med varene. No i 2022 vert det utlevering annakvar onsdag i oddetalsveker.

For deg som kunde vert dette enklare enn REKO fordi du får ei påminning og slepp å hugsa på utleveringane sjølv, og du slepp å forholda deg til Facebook som bestilingsplattform. Bur du langs ruta, treng du ikkje ein gong forlata huset, men få varene heim utan ekstra kostnad. For oss vert det mindre administrering med annonser og ein smidigare kjøpsprosess.

Vi er sjølvsagt avhengig av at vi får ein grei mengde kundar som ynskjer å nytta dette tilbodet om vi skal kunna gjera det, så vi vonar det vert tatt godt imot og er spente på å koma i gong 🙂 

Les meir og meld deg på kundelista til mjølkeruta her.

Hagen går framover

Vi har arbeida på spreng dei siste månadane med å få hagen klar for ein ny sesong. I år skal vi dyrka på om lag dobbelt så stort areal som i fjor, og vi er veldig spente på den nye grønsaksabonnementsordninga vi testar ut. Om litt under to veker skal dei lokale samningane som har meldt seg som abonnentar, få utlevert sin første grønsakslevering. Som abonnentar får dei heilt ferske grønsaker fram til oktober.

Vi kjem etter kvart til å få meir grønsaker enn abonnentane treng, så dei vil vi selja ferske via m.a. mjølkeruta. Noko vil vi også foredla slik at du også i år kan kjøpa deilig chilimarmelade, sylteagurk og andre godsaker frå hagen. 

I motsetnad til i fjor, har årets dyrkesesong starta vått og kaldt. I fjor var det ein brutal tørke i starten av sesongen som gjorde at vi brukte fleire timer kvar dag på å vatna. Vi har ikkje lidd under mangel på vatn i år. Men vi merker at sniglane og anna som likar å eta planter, har betre vekstvilkår, så mai har vore litt ekstra røff for småplantene. Vi vonar det vert betre og kryssar fingrane for ein god avling av mange ulike grønsaker.

 Vi dyrkar om lag 120 (!) forskjellige sortar, mellom anna 8 ulike gulrøter, 10 ulike tomatar, tre sortar potet og massevis av forskjellige kålvekster.

Sommarkafé i juli

Alle som kan tenkja seg å ta ein hyggeleg sundagsutflukt i sommar og vitja oss her på garden, kan gleda seg over at vi inviterer til sommarkafé kvar sundag i juli. Då pyntar vi verandaen til storfint besøk og byr på noko godt å eta og drikka. 

Du kan vandra rundt på eigedomen og helsa på dyra, sjå på hagen og slappa av med ein kaffikopp på ein benk i sola. Det vert også høve til å kjøpa med deg gardsproduktene våre heim.

Følg med på Facebook eller Instagram for meir informasjon om sommarkafé når det nærmer seg.

Nye produkt kjem

No når dei nye beda etter kvart vert klare og alt som skal i jorda kjem på plass, går vi over i ein ny fase for å produsera så mange produkt som mogleg til sommaren, hausten og fram mot jul.

Nett no haustar og tørker vi urter kvar dag som vi kan laga te og krydder av. Vi har sanka årets bjørkesevje og laga bjørkebladsaft, og kjem til å sanka fleire ville vekster gjennom sommaren til å laga safter, eddiker, oljer, geleer og anna. Snart kan vi også hausta vår aller fyrste sommerhonning, noko vi gler oss stort til! Og det vert sjølvsagt massevis av både ferske og foredla produkt frå hagen. 

Vi gler oss til ein aktiv, fruktbar og spanande sommar med mykje nytt på tapetet, og vonar vi får sjå deg ved eitt eller fleire høve! 🙂