Korleis redda ei verd i krise?

Om billeg brokkoli og dyre konsekvensar

Vi les og høyrer det kvar einaste dag: Verda må verta meir berekraftig. Vi står oppi ei klimakrise, folk svelt, miljøet vert øydelagd og artar døyr. Vi må endra på heile samfunnet, få til ei total omlegging, for å klara å bremsa utviklinga.

Vi les det. Og så tenkjer vi: jaja. Men kva skal eigentleg eg gjera med det? Det er jo ei heilt håplaus oppgåve. Kvar skal ein eigentleg byrja?

Og så går vi i butikken. Handlar mat. Nett slik eg gjorde for nokre dagar sidan. 

I butikken eg var i hadde dei brokkoli til 7, 90 per stykk. Han var importert frå Spania.

Brokkoli til 7, 90 per stykk?

Om ein gjev det nokre sekund og tenkjer seg om, byrjar ein å skjøna at det er ganske vanvittig. 

Tenk på alt som skal til for at den brokkolien havna der i butikkhylla på Bjørkheim. 

Først må nokon ha planta han. Forkultivert han. Satt han ut i jorda. Gitt han næring og sytt for at han ikkje vart eten opp av skadedyr. Passa på han i kanskje fleire månader.  Og så: Hausta. Vaska. Pakka. Og så forflytta med bil, lastebil og fly eller båt for at han skulle koma til Noreg. Kor han vart motteken, kanskje sortert, emballert og frakta på nytt, lagt ut i hylla og prisa i butikken. 

Tenk kor mykje tid som har gått med. Tenk kor mange menneske som har vore involvert. Tenk kor mykje drivstoff og energi som har blitt brukt. 

Og så kostar han berre 7, 90?

Korleis i huleste går det an at vi i Noreg kan kjøpa brokkoli frå Spania til 7,90 per stykk? 

Eg stod der i butikken og imploderte litt, og så tenkte eg vidare. 

Eg veit ikkje kva som er løysinga på alle verdas problem og kriser, men eg veit i alle fall at det ikkje går an å ha eit berekraftig matsystem der brokkolien kostar 7, 90. Det skal ikkje vera mogleg. Og det burde ikkje vore lov.

Kven sin feil er det at det er slik? Er det matkjedene? Er det staten? Er det dei i Spania? Er det oss som går i butikken og handlar desse varene kvar dag og bidreg til etterspurnad av billege og langreiste varer?

Eg veit ikkje heilt kven som har mest feil. Og eg trur ikkje det er nyttig å leggja skuld. Men eg trur at vi har makta til å endra det.

Forestill deg at du bur i ein bygd eller ein liten tettstad. Plassen har skule, butikkar, kommunehus, kyrkje, lokalavis og det meste anna ein har behov for og som er vanleg på ein plass.  

Men noko skil seg ut.

I staden for at det er ein eller to bønder som driv alt jordbruksarealet i bygda, så er det ti. Tjue. Eller femti. 

I staden for at folk handlar alle grønsakene sine, så har alle ein liten kjøkenhage kor dei dyrkar litt kvar. 

Dei som ikkje har plass eller ork til å dyrka, kan gå til ein bonde i bygda og handla maten sin der. Kanskje vera med i eit andelslandbruk og møta folk på dugnad som dei kan dyrka maten saman med. 

Eller dei kan gå på marknaden ein gong i veka kor alle dei lokale matprodusentane møtast. Skravla med naboen og slå av ein prat med bonden. Smaka på gulrøter som er dratt opp av jorda same dag. Kjøpa kjøt av dyr som er slakta på det lokale slakteriet. Eller osten som er ysta på det lokale ysteriet. 

Brokkolien kostar ikkje 7, 90, men du kan vera trygg på at det du betalar går rett til å gje bonden ein rettferdig løn for arbeidet ho har gjort med å laga god mat på ein måte som tek vare på miljøet. 

I staden for at du brukar pengar på billege klede frå Kina og andre ting  du eigentleg ikkje treng, brukar du heller meir av pengane dine på det som du puttar i munnen og som gjev deg næring kvar dag. I tillegg bidreg pengane på å gje fleire menneske – kanskje også deg sjølv – moglegheit til å jobba lokalt, med jobbar som bidreg til både bygda di og den store kloden. 

Folk et betre, et meir kortreist, har betre relasjonar med kvarandre, har meir tid og fleire har jobbar i nærleiken av der dei bur. 

Ein draum? 

Kanskje. Men eg trur at om vi skal finna ein veg ut av alle krisene vi står i, som er så tett samanvevd og påverkar alt liv på denne kloden, så har vi ikkje noko val anna ein å prøva å ta nokre skritt nærare den draumen.

Eg trur at om eit matsystem skal vera berekraftig, så må meir av maten vi kjøper vera lokalt produsert. 

Vi må laga tettare handelsnettverk og kortare reiseveger for maten.

Vi må foredla meir av maten lokalt og leggja igjen meir av pengane våre i bygda vår, kommunen vår, fylket vårt og landet vårt. 

Vi må få fleire bønder som driv meir mangfaldig på mindre areal.

Vi må foredla meir av maten i nærleiken av der vi bur og skapa større verdiar av han.

Vi må vita meir om korleis maten vår er laga og stilla strengare krav til at han skal vera laga på ein måte som tek omsyn til dyr, natur og folk.

Vi må rett og slett setja sunn, sakte, ekte, ærleg og kompromisslaus mat på topp og i sentrum av agendaen. 

For ingenting er viktigare for oss enn maten som held oss i live. Og lite påverkar helsa vår og helsa til planeten meir enn nettopp maten. 

Dårleg mat gjer både oss og planeten sjuke. Dårleg mat gjer at folk vert utnytta og ikkje får ein løn å leva av. Dårleg mat bidreg til enorme klimagassutslipp. Dårleg mat gjer at artsmangfoldet døyr ut, at skogane vert hogga, at jordsmonnet vert utarma, at vassdragene vert forureina. Dårleg mat presser hundrevis, tusenvis av dyr saman på altfor små areal. Dårleg mat er næringsfattig mat, som er laga med flest mogleg snarvegar for å pressa mest mogleg profitt ut av eit system som er øydelagd.

Dårleg mat er billeg mat med skjulte kostnader.

Bra mat er det motsatte. Bra mat har ikkje skjulte kostnader, men mange synlege gevinster. 

Så når vi høyrer om alle desse store, globale krisene og vert heilt handlingslamma og passivisert fordi dei er for store til at vi kan gjera noko med dei: 

Hugs at det er du og eg som kjøper mat kvar dag. Det er du og eg og kvar einskild annan, som handlar og et mat kvar einaste dag, som kan endra på matsystemet. 

Kvar einaste lille ting du brukar pengar på, sender eit signal. Kvar krone du legg igjen hjå bondenaboen din, kvar einaste brokkoli du kjøper på reko istaden for i butikken importert frå Spania, sender eit signal som får konsekvenser på andre sida av kloda. 

Vi er alle ein del av den store verda. Heldigvis treng ikkje ansvaret for å redda heile verda og rydda opp i alle dei store krisene falla på kvar og ein av oss.
Men det vi kan gjera, er å gjera noko kvar dag for å få vår eigen lille flik av verda til å verta litt betre.