Utegris 2022

No kan du tinga årets siste utegriskjøt frå gjengevoll!

Dei siste grisane av den vetle ullgris/dølagris-flokken vår vert no sendt til slakt. Du kan tinga kvart, halv eller heil gris.

Med ein kvart gris har du nok kjøt til både hausten, jula og starten av det nye året. Har du liten frysarplass, kan du kanskje gå saman med fleire om bestillinga?

Under står det meir informasjon om kva du kan forventa. Om du ikkje får svar på alt du lurar på, så send oss gjerne spørsmål på hallo@gjengevoll.no! 🙂

Bestill gris her:

Kva kostar det og kva får eg?

  • Ein kvart gris veg om lag 16-18 kilo
  • Prisen per kilo er 250 kroner (inkludert mva)
  • Du får ei kasse med varierte stykningsdeler til forskjellig bruk, partert og pakka. Har du spesifikke ønsker om forpart- eller bakpart, kan du spesifisera det i bestillinga. Viss ikkje pakker vi eit utval som tilsvarer om lag ein kvart gris
  • Utvalet inkluderer mellom anna ei halv ribbe, kotelettar, bog- eller skinkesteik, filet, flatbiff, knoke og kjøtdeig. 
  • Om du også vil ha innmat og tilleggskjøt, som lever, labbar, hovud eller spekk, kan du spørja om dette i skjemaet (vi garanterer ikkje at vi kan få dette frå slakteriet) Prisen for tilleggskjøt er 75,- per kilo.
 

Praktisk info

Når du har sendt inn bestillinga di, får du ei bekrefting på epost frå oss. Dette kan ta noko tid. 

Vi sender umiddelbart ut informasjon om utleveringstid når vi veit dette nøyaktig (det vert antakeleg i laupet av veka 12.-18. september). Vi planlegg utleveringer i og rundt Bergen og Samnanger på avtalte utleveringsstadar. 

Utleveringa vil skje kort tid etter at vi får kjøtet tilbake frå slakteriet, og kjøtet vil då vera heilt ferskt. Det du ikkje har tenkt å eta den første tida, kan du frysa med det same.

Alle kasser vert veigd, og du betaler for det tal kilo du får. Faktura vert utlevert saman med kjøtet.

Om kjøtet og dyra

Kjøtet kjem frå grisar som er ei blanding mellom svart dølagris og mangalitsa (ullgris). Dette er eksklusivt kjøt av høg kvalitet. Kvaliteten kjem av at dyra har fått levd lenge, over ti månadar, og vakse sakte slik at kjøtet vert ekstra marmomert og smakfullt. At dei får bevega seg så mykje dei vil ute på beite og får variert kost med grønsaker, påverkar også kvaliteten. 

Om du har fokus på dyrevelferd og tykkjer det er viktig at dyr skal ha det bra så lenge dei lever, er dette kjøt du kan kjøpa med skikkeleg godt samvit. 

Om prisen

Prisen er sett ut ifrå produksjonskostnadane. Dei viktigaste faktorane som påverkar, er utgiftar til kraftfôr, slakt og medgåtte arbeidstimer. Kraftfôrprisane har stige kraftig dei siste månadane, og arbeidsmengda som trengst for saktevaksande grisar i liten skala er betrakteleg større per kilo enn om ein driv industriell griseproduksjon. Her på garden har vi hatt elleve grisar i år, medan det vanlege er å ha fleire hundre.

Kiloprisen for kvart gris er lågare enn kiloprisen for enkeltvise stykningsdeler. Det svarer seg altså å kjøpa stort. Alt som ikkje vert selt som kvart gris, vert selt gjennom mjølkeruta vår, på reko og gjennom andre salskanaler i stykningsdeler.

Bestill gris her: