Vi søkjer etter medbrukarar eller forpaktarar

Har du lyst til å driva gard i lag med andre eller prøva eit år som heiltidsjordbrukar?

Sidan 2020 har vi, Mari og Kjetil, jobba med å byggja opp eit regenerativt mangesysleri på vår vesle gard i Samnanger utanfor Bergen. Her har vi sau, bier, høns, ein bugnande marknadshage og ikkje minst: ein heilt unik plass med mykje sjel og stort potensial for aktivitetar og liv.

Vi har sterk tru på at småskala og regenerativt jordbruk er framtida, at vi må bruka meir av våre lokale ressursar og at vi treng å gjenoppretta kontakten mellom mat og folk.

Samstundes må vi erkjenna at det å driva gard er utfordrande å få til arbeidsmessig og økonomisk for oss to åleine, i alle fall om ein også skal ha tid til å leva. Vi har kjent på korleis terskelen for å koma inn i landbruket kan vera høg og korleis det set mange i ein posisjon med mykje gjeld og arbeid for resten av livet. Dette er ikkje er ein berekraftig måte å driva det norske landbruket på, og vi ynskjer å bidra til å endra det. 

Difor er vi på jakt etter å koma i kontakt med folk som deler våre tanker om kva eit godt liv kan vera, som ynskjer eit jordnært liv i takt med naturen, og som er interessert i å vera med å utvikla Gjengevoll som plass og som senter for ei framtidig regenerativ rørsle.  

Vi er open for ulike løysinger, og er både på utkikk etter medbrukarar og korttidsforpaktarar. Som medbrukar vil du bu og driva garden i lag med oss. Som korttidsforpaktar vil du/dykk overta heile ansvaret for garden og driva på eiga hand for ei begrensa periode.


SOM MEDBRUKAR

·       Er du nysgjerrig på livet som jordbrukar og vil bu på gard i en kortare eller lengre periode (minimum 2 månadar)

·       Kanskje har du hatt lyst til å bu på gard lenge, men du har ikkje hatt moglegheit til å gjera det åleine

·       Du har lyst til å verta ein del av eit fellesskap og driva garden i samarbeid med oss

·       Du bidreg med leige og arbeid etter evne

·       Du får mykje fridom og moglegheit til å jobba med det du interesserer deg for

 

SOM KORTTIDSFORPAKTAR

·       Er du ein del av eit par eller ei venegruppe som har lyst til å testa ut livet som jordbrukarar og overta heile ansvaret for garden utan å måtte ta risikoen med å kjøpa

·       Du får overta ein gard i full drift og kan gå rett i gang med å driva

·       Avtale om forpakting gjeld for eitt år om gangen frå vinter til vinter

·       Du får rettleiing og mentorbesøk frå oss

·       Du har stor fridom til å nytta eigedomen til å testa ut ulike ting eller til dømes leiga ut ledige soverom

 Vår framtidsdraum er å samla folk som ynskjer å trekkja i same retning og som har lyst til å gjera Gjengevoll til heimen sin for ein kortare eller lengre periode. Kanskje deler du vår visjon om å starta ein stiftelse som kan kjøpa nedlagte gardsbruk kringom landet og gjera dei tilgjengelege for folk som har lyst til å driva. Eller kanskje du berre vil utforska eit annleis og jordnært liv. Uansett ser vi fram til å høyra frå deg.

Einkvar avtale vil avhengja av god personleg kjemi og at vi vert godt kjent på førehand.

Høyrast noko av dette interessant ut? Send oss ei melding på hallo@gjengevoll.no og fortel litt om deg/dykk og kva du ser for deg!

Vi vonar å finna ei god løysing for korleis vi kan driva Gjengevoll på eit berekraftig vis inn i framtida. Viss ikkje ein avklaring kjem i laupet av den nærmaste tida vert neste steg å vurdera sal.