Våren er her

Sola er på veg tilbake etter ei lang mørketid, og ein ny dyrkesesong ligg foran oss. Her skal vi i gang med å så årets fyrste planter denne veka, men før sesongen byrjar for alvor, kostar vi på oss eit tilbakeblikk på fjorårets dyrkesesong. 

2022 var år nummer to i grønsakshagen vår, og eit år der vi skulle ta nokre store steg vidare, gjera ferdig meir dyrkeplass og byrja med grønsaksabonnementsordning!

Vi opna for teikning av abonnement for lokale folk i kommunen i mars før sesongen byrja. Sidan det var vårt fyrste år og vi ikkje ville ta for hardt i, opna vi berre for ti plassar, og det var skulle det visa seg at var lurt (meir om det seinare). 

At vi hadde kundar og innbetalingar allereie før grønsakene var i jorda, var ei god forsikring på at vi ville få avsetnad på produkta, og pengane hjalp når vi skulle gjera innkjøp. 

Før utesesongen starta, gjaldt det å få ferdig så mykje av beda som mogleg. I mai og juni vart det difor mykje graving, nett som året før.

Her på garden er dei ulike dyrkefelta oppkalt etter land, og i fjor fekk vi ferdigstilt både Kina, Portugal, Liechtenstein og Luxemburg! Med det vart vårt effektive dyrkeareal meir enn dobla, og det var ein kraftig oppgradering. 

Vi fekk også satt opp ein tunnell til klatreplanter, vi fekk lagt opp nokre provisoriske gresskarbed, og vi fekk planta ein god håndfull forskjellige bærbuskar heilt på slutten av sesongen. I år ser vi fram til å kunna hausta våre fyrste hagebringebær, hageblåbær, solbær og stikkelsbær.

Under ser du felta Portugal og Kina.

Alt i alt er vi godt nøgde med utviklinga i hagen i fjor. Her kan du samanlikna forskjellen mellom hausten 2021 og sommaren 2022:

Når det gjeld sjølve vekstsesongen, var den krevjande. Vi hadde jo eit håp om at året skulle verta bra etter det veldig tørre året 2021, men vi fekk litt for mykje av det gode i kompensasjon i fjor. Det var vått, vått og atter vått. Det regna omtrent alle dagar heile sommaren, og når vi ikkje trudde det kunne regna meir, så regna det litt til (ikkje lat deg lura av dei fine bileta over, dei vart tatt mellom alle bygene).

På grunn av det våte og kalde vêret (om lag 10-12 grader store delar av tida), var det mykje av plantene som stura og massevis av ting som gjekk gale. Mange planter stod i vann omtrent heile tida, noko som gjorde at næringsstoffane rann vekk eller at plantene rett og slett drukna. 

Noko av det som rotna, drukna eller berre ikkje vokste, var:

  • Frilandsagurkane
  • Squashen
  • Bønnene
  • Gresskarene
  • Betene

Vi hadde også lite hell med lauken, ein del rotgrønsaker (som brukte for lang tid) og fleire av blomane. 

Elles vart vi utsatt for det meste anna av plager og sjukdom:

  • Vi hadde enormt mykje sniglar som åt opp alle dei fyrste plantene vi satt ut (og vi som ikkje trudde vi hadde eit snigleproblem!)
  • Dei tidlege kålplantane vart åtaka av jordlopper
  • Vi fekk tidleg tørråte på både potetane og tomatane, og i tillegg potetskurv
  • Chilien og paprikaene vart full av bladlus
Det einaste som verkeleg trivdes i den kalde vestlandssommaren, var all kålen (sjølv om sniglane trivdes veldig godt med å eta på dei òg). Abonnentane var nok godt lei av kål, særleg grønkål, når sesongen var over. Men det er jo godt å vita at sjølv når alt anna feilar, har vi særs gode tilhøve for kål her, og det er jo slett ikkje verst sidan kål er supernæringsrikt.
 
Trass i mykje usikkerheit, nedturar og nervøsitet for om vi ville klare å leva opp til det vi hadde førespegla for kundane våre (hjelp! Kva held vi på med? Skal vi berre gi opp?), klarte vi faktisk så vidt å fylla alle dei ti utleveringane pluss ein bonusutlevering med grønsaker gjennom sesongen. Det var minst dei fyrste gongane, sidan tidleggrønsakene brukte mykje lenger tid på å verta hausteklare enn vi hadde planlagt, men mot slutten av sesongen fekk vi til relativt bugnande poser. Det er verkeleg kjekt når ein kan hausta slike flotte og fargerike poser som dette her:

Så, vi er eigentleg ganske nøgt med å ha klart å levera grønsaker heilt frå juni til november, trass alt som ikkje gjekk etter planen. 

No ser vi stort fram mot dyrkesesongen 2023. Vi tenkjer jo at det i alle fall ikkje kan gå verre enn i fjor, og det er jo eit godt utgangspunkt. Heretter må det berre gå oppover! 

Planar framover:
No byrjar arealet i hagen snart å verta fylt ut med bed, og i år har vi kunn eitt større dyrkefelt vi gjera ferdig, nemleg Sveits, der fokuset skal vera på fleirårige vekster som urter, rabarbra, roser, og eit par busker eller frukttre.

Elles vert dette året kor vi endeleg skal få på plass ein del grunnleggjande infrastruktur som har måttet venta. Vi skal innstallera vatningsanlegg, byggja ein vaskestasjon og eit reiskapsskjul, og vi skal gjerda inn Kina med skikkeleg hjortegjerde. 

Når det gjeld produksjons- og salsmål for 2023, vil vi fokusera på dette:

  • Fortsetja med abonnementsordning for samningar, og auka tale noko
  • Ha ein større samla produksjon enn i 2022, og selja overskotet til kundane på mjølkeruta vår og eventuelt på REKO
  • Utforska produksjon av urtar og spiselege blomar for sal til restaurantar
  • Øva oss på å dyrka snittblomar og laga bukettar for sal (sjå dei flotte blomane under!)

Vi gler oss til å visa fram endringane i året som kjem. Følg oss gjerne på instagram (@mangesysleriet) for daglege oppdateringar frå hagen og alt det andre vi held på med. 

Hald også utkikk etter snarleg lansering av årets grønsaksabonnement (om du bur i Samnanger), eller skriv deg opp på mjølkeruta vår om du bur i Bergen og vil kjøpa grønsaker i laupet av sesongen.