Vi på Gjengevoll Mangesysleri ynskjer å knytta til oss folk som har lyst til å bidra inn i gardsdrifta på kort eller lang sikt. Vi ser etter deg som har lyst til å arbeida og kanskje bu på garden ei periode, som vil vera ein del av ein fellesskap, læra noko nytt og bidra i å byggja opp eit regenerativt gardsprosjekt.
Ein sosial fellesskap
For oss, Mari og Kjetil, handlar det å starta ein regenerativ gård like mykje om tilhøyrigheit og sosial berekraft som det handlar om miljø og dyrevelferd. Vi ynskjer å skapa fellesskap, gode relasjonar og samarbeid om garden. Difor ser vi no etter folk som i ei periode ynskjer å bruka tida og arbeidshenda sine på garden vår mot kost og losji.
Dette er deg:
- Du er oppteken av – og interessert i å læra meir om – matproduksjon, berekraftig landbruk og regenerative metodar.
- Du bur i eller i nærleiken av Bergen og ynskjer å verta ein del av ein sosial fellesskap med meining.
- Du har lyst til å bu og arbeida på Gjengevoll i ei periode på eit par veker til nokre månadar (eller du kan koma fast nokre dagar i veka).
- Du er open, nysgjerrig, glad i folk og ikkje redd for å ta i eit tak.
Dette ser vi for oss:
Vi ser for oss ei løysing der du bur på garden i ei avtalt periode og inngår i den daglege drifta. Du får ditt eige soverom og vert ein del av hushaldninga og deltek i fellesmåltid, husarbeid og andre daglege gjeremål.
Arbeidsmengde og oppgåver vil kunna variera, men vi ser for oss rundt 30 timers arbeid i veka mot full kost og losji. Om du har anna deltidsarbeid ved sidan av, kan ei alternativ løysing vera at du arbeidar rundt 15 timer i veka og bidreg til fellesutgiftane med 3 000 kroner i måneden. Ynskjer du ikkje å bu på garden, men berre få litt praktisk erfaring med gardsarbeid, kan vi avtala andre løysingar.
Om kvardagen på garden
Til vanleg er det oss husfolket, Mari og Kjetil, som bur fast på garden. Vi har ofte vener, familie og andre ressurspersoner innom i korte eller lengre perioder. Av og til har vi også helgedugnadar, så du må rekna med å møta på litt ulike folk. Om det er fleire som deg som ynskjer å koma og arbeida, kan det også vera du vert innlosjert med ein til.
På garden er Kjetil fulltidsbonde og den som arbeidar med gardsdrifta i kvardagen. Mari arbeidar på garden utanom kontortid. Arbeidsoppgåvene varierer etter årstid og behov som oppstår.
Vi har drive i eitt år og har i dag utegris, høns, sauer, bier og marknadshage med grønsaker. I tillegg baker vi og foredlar råvarer i eige produksjonslokale. Utgangspunktet vårt er å bruka så mykje som mogleg av ressursane som finst på og rundt garden. Kvardagen er variert, og kan bestå av å mata og stella dyr, sanka ville vekster, driva bygge- og vedlikehaldsarbeid, hogga trær, stella planter, selja varer på REKO, planleggja arrangement eller heilt andre ting. 2021 har vore oppstartsår kor vi har stabla den grunnleggjande drifta på beina. Vegen vert til medan vi går, og vi er framleis i utprøvingsfase, så det er stort rom for å påverka framtida til garden.
Å vera i oppstarten med å etablera ein regenerativ gard inneber at ikkje alt er perfekt og at vi ikkje er ekspertar, men at vi gradvis lærer meir og beveger oss i retninga vi ynskjer. Målet er ei mangfaldig og gjenoppbyggande gardsdrift der sunne økosystem, glade dyr og glade folk er i fokus. Vi er sikker på at du har noko verdifullt du kan læra oss, og at vi kan nok læra bort noko i retur.
Har du lyst til å vita meir om oss og garden, kan du sjekka oss ut på Facebook, på Instagram eller i podcasten vår, Gjengevoll Pludrecast.
Tykkjer du dette høyrast spanande ut, så ta kontakt med oss på hallo@gjengevoll.no og skriv litt om deg sjølv. Om det er aktuelt, tek vi ein uforpliktande samtale for å verta litt betre kjend. Om både du og vi tykkjer det er ein god idé, kan vi deretter verta einige om ei avtale som passar oss alle.
Vi snakkast! 🙂