Vilkår for sal via Mangesysleriets mjølkerute

Mangesysleriets mjølkerute er ei heimleveringsteneste for kundar som bur langs eller i nærleiken av den spesifiserte køyreruta til Gjengevoll Mangesysleri. 

Nettbutikken på nettsida til Gjengevoll Mangesysleri er kanal for førehandsbestilling og betaling av varer som skal leverast på mjølkeruta. Butikken er utelukkande laga for bruk av registrerte mjølkerutekundar, og er ein plattform for organisering av direktesal (ikkje tradisjonell nettbutikk). Vi driv ikkje nasjonalt/internasjonalt sal og sender ikkje varer i posten.

Avtala

Avtala består av desse salsbetingelsane, opplysninger gitt i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningene, går det som er særskilt avtalt foran, så lenge det ikke strider mot ufråvikeleg lovgivning. 

Avtala vil i tillegg verta utfylt av relevante lovføresegn som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og kundar.

Partane

Selgjar er Gjengevoll Mangesysleri, Tveit 31, 5650 Tysse, hallo@gjengevoll.no, mobil 980 26 620, organisasjonsnummer 925073482. 

Kjøpar er den som gjer bestillinga, som er registrert på kundelista til Mangesysleriets mjølkerute og som har bustad eller avtalt leveringsstad langs ruta (innanfor fem minutts køyreavstand).

Pris

Prisen som står oppgitt er den totale prisen kjøpar skal betala. Prisen inkluderer alle avgifter og kostnadar. Yttarlegare kostnadar som selgjar ikkje har informert om, skal kjøpar ikkje bera. 

Avtaleinngåing

Avtala er bindande for begge partar når kjøpar har bestilt og betalt til selgjar. Vilkåret om at kjøpar bur langs køyreruta for mjølkeruta eller innan fem minutts køyreavstand, må vera oppfylt for at kjøpet skal vera gyldig med mindre anna er spesifikt avtalt. Det er også eit vilkår at betaling skjer innan betalingsfristen for at kjøpet skal vera gyldig.

Avtala er likevel ikkje bindande om det har skjedd ein openbar skrive- eller tastefeil i tilbodet frå selgjar eller i bestilling frå kjøpar.

Betaling

Betaling skjer på bestillingstidspunktet eller innan betalingsfristen som vert opplyst om i mjølkeruta sitt nyheitsbrev og som alltid er før utlevering av varen. Om betaling ikkje skjer innan fristen, vert salet ugyldig og kjøpar mister retten til varen.

Levering

Vara skal leverast på døra hjå kjøpar med mindre anna er særleg avtalt. Levering har skjedd når kjøpar eller alternativ mottakar sjølv har motteke varen, eller når vara er plassert på avtalt stad. Selgjar tek ikkje ansvar for vara etter levering viss kjøpar har gløymt levering eller av annen grunn ikkje er til stade for å motta vara.

Angrerett

Med mindre avtala er unnateke frå angrerett, kan kjøparen angra kjøpet i høve angrerettlova.

Det er ikkje angrerett på varer som forringast eller raskt går ut på dato. Dette gjeld varer som i sin natur har begrensa haldbarheit, som ferske matvarer eller blomar. Dette unnataket gjeld sjølv om vara ikkje enno har byrja å forringast. 

Kjøpar må gi selgjar melding om bruk av angrerett innan 14 dagar frå varen er motteke. Angrefristen er overholdt om det er sendt melding før utløpet av fristen. Om fristen ender på ein laurdag, helligdag eller høgtidsdag, vert fristen forlenga til næraste virkedag. Melding må skje skriftleg. 

Ved bruk av angreretten må kjøpar levera varen tilbake til selgjar så raskt som mogleg og seinast innan 14 dagar frå melding om bruk av angreretten vart gitt. Levering skjer på kjøpar sin rekning. Det er ein føresetnad at varen er i ein slik stand som han var då kunden fekk han, og at eventuell emballasje og forseglingar ikkje er brote. 

Selgjar er forplikta til å betala tilbake kjøpesummen så raskt som mogleg etter at varen er motteke, og seinast innan 14 dagar.

Forseinking og manglande levering

Om selgjar ikkje leverer varen til avtalt tid og dette ikkje skuldast kjøparen, kan kjøparen krevja oppfylling, heva kjøpet og/eller krevja erstatning.

Ved oppfylling fastheld kjøpar kjøpet og selgjar har ansvar for å levera varen så raskt som mogleg etter opphaveleg leveringstidspunkt. Kjøpar kan ikkje krevja oppfylling viss det finst ei hindring som selgjaren ikkje kan overvinna, eller viss oppfylling av kjøpet vil innebera ein urimeleg stor ulempe eller kostnad for selgjar.

Ved heving av kjøpet tilbakebetalast beløpet til kjøpar så raskt som mogleg og seinast innan 14 dagar etter at selgjar har motteke skriftleg melding om heving (t.d. på epost).

Om kjøpar har lidt tap som følgje av forseinkinga, kan kjøpar krevja rimeleg erstatning. Rett til erstatning fell bort om grunnen til forseinkinga var utanfor selgjar sin kontroll og som ikkje med rimelegheit kunne vore unngått eller overvunnet.

Mangel ved varen og kjøpar sine rettar

Viss ein vare har manglar, må kjøpar innan rimeleg tid etter at mangelen er oppdaga, gi selgjar skriftleg melding for å reklamera. 

Kjøpar bør undersøkja leveransen umiddelbart etter mottak. Om kjøpar har fått feil vare eller ikkje har fått alt hen har bestilt, må vedkomne melda ifrå til selgjar innan sju dagar slik at selgjar kan retta opp i feilen.

Om varen er dårleg eller har andre kvalitetsproblem, er fristen for reklamasjon i regelen to månadar. Dette gjeld ikkje for ferskvarer som forringast og raskt går ut på dato (t.d. grønsaker). I slike tilfelle må kjøpar så raskt som mogleg og seinast innan sju dagar melda frå om feil eller kvalitetsmanglar. Varer som er meint å vara lenger enn to månadar (t.d. honning, syltetøy, frose kjøt etc), har ein reklamasjonsfrist på inntil to år. 

Manglande kvalitet som skuldast normal og forventa forringing, eller som skuldast at kjøpar ikkje har behandla eller oppbevart produktet på riktig måte, vert ikkje omfatta av reklamasjonsretten.

Retting eller omlevering
Kjøpar kan velja mellom å krevja mangelen retta eller levering av tilsvarande vare. Selgjar kan likevel motsetja seg kjøpar sitt krav om det er umogleg eller gjev selgjar urimelege kostnadar. Retting eller omlevering skal skje innan rimeleg tid. Selgjar har i utgangspunktet ikkje rett til meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

Prisavslag
Kjøpar kan krevja eit passande prisavslag om vara ikkje vert retta eller omlevert.Dette inneber at forholdet mellom nedsatt og avtalt pris svarer til forholdet mellom vara sin verdi og mangelen.

Heving
Om vara ikkje er retta eller omlevert, kan kjøpar heva kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

Selgjar sine rettar ved misleghald frå kjøpar

Om kjøpar ikkje betaler eller oppfyllar pliktene etter avtala eller lova, og dette ikkje skuldast selgjar, kan selgjaren halda vara tilbake, krevja oppfylling av avtala, krevha avtala heva samt krevja erstatning frå kjøpar. Selgjar vil også kunna krevja renter ved forseinka betaling, inkassobegyr og eit rimeleg gebyr og uavhenta varer.

Oppfylling
Selgjar kan fasthalda kjøpet og krevja at kjøpar betaler kjøpesummen. Er varen ikkje levert, taper selgjar sin rett om han ventar urimeleg lenge med å fremja kravet.

Heving
Selgjar kan heva avtala om det er vesentleg betalings- eller anna misleghald frå kjøpar si side. Selgjar kan likevel ikkje heva om heile kjøpesummen er betalt. 

Renter ved forseinka betaling/inkassogebyr
Om kjøpar ikkje betaler kjøpesummen i høve avtala, kan selgjar krevja renter av kjøpesummen etter forsinkelsesrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter føregåande varsel, verta sendt til inkasso. Kjøpar kan då verta halde ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

Gebyr ved uavhenta ikkje- føreskotsbetalte varer
Om kjøpar ikkje henter ubetalte varer, kan selgjar belasta kjøpar med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekka selgjar sine faktiske utlegg for å levera varen til kjøpar. Eit slikt gebyr kan ikkje belastast kjøparar under 18 år.

Garanti

Garanti som vert gitt av selgjar, gjev kjøpar rettar i tillegg til dei kjøpar allereie har etter lov. Ein garanti inneber ingen begrensningar i kjøpar sin rett til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar. 

 

Konfliktløysing

Klagar rettast til selgjar innan rimeleg tid. Partane skal forsøkja å løysa eventuelle tvister i minnelegheit. Om dette ikkje lukkast, kan kjøpar ta kontakt med Forbrukerrådet for mekling. Forbrukerrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.